Henting av avfall for næring
Om du er liten eller stor har SUM Næring det du treng. Basert på kva bransje di verksemd er i har vi kunnskapen til å hjelpe deg med å finne den beste og rimlegaste løysinga for di verksemd.
Inngå eller endre avtale
Bruk vårt skjema for å inngå ny avtale, eller for å gjere endring på allereie eksiterande avtale. Næringsdrivande som nyttar offentleg renovasjonsselskap er pliktig til å ha skriftleg avtale.
Dette hentar vi
Restavfall
Tilgrisa emballasje, støvsugarposar, hygieneprodukt og andre material som ikkje høyrer heime i sorteringsordningar for plast, papir, metall, glass eller organisk avfall.
Matavfall
Det som er igjen av matrestar
Papp/papir
Større mengder papp, papir og kartong.
Plastemballasje
Plasten som blir brukt til å beskytte, oppbevare eller transportere eit produkt.
Metallemballasje
All emballasje i metall, unntatt drikkeboksar med pant.
Glas-emballasje
Emballasje laga av glas brukt til å beskytte, oppbevare, transportere eller presentere produkt,- Det kan resirkulerast uendeleg utan kvalitetsforringing
Verksemder følger i utgangspunktet same tømmerute som hushaldning.
- Restavfall - kvar 2. veke
- Matavfall - kvar 2. veke
- Papp- og papir/plast - kvar 4. veke
- Glas- og metallemballasje - kvar 12. veke (med mindre anna avtalt)
Sjå når vi tømmer dunken din
Her kan du finne tømmekalender for 2026 - Gjer eit adressesøk for å finne hentedagen din, eller last ned SUM-appen på mobiltelefonen din
Sorteringsguide
Korleis kastar eg riktig?
Har du noko du skal kaste, men veit ikkje kor det skal? Søk her!