SUM- Partnar
Vi har mange dyktige aktørar i kommunane våre som praktisera berekraft. Her finn du oversikt over kven som kan hjelpe deg med reparasjon, ombruk og andre smarte kvardagsløysingar.
Enkle, berekraftige val i kvardagen
SUM ynskjer å legge til rette for deg som innbyggjar å ta berekraftige val – utan ekstra stress. Det kan vere alt frå å sortere avfall riktig til å gi nytt liv til det du allereie eig.
Vi veit at dei fleste ikkje har tid til å reparere klede, lage ting frå grunn av eller fikse utstyr sjølve – slik som generasjonane før oss ofte gjorde. Derfor samarbeider vi med lokale, flinke SUM-partnarar som kan ta seg av dette for deg.
Slik kan du halde fokuset på jobb, middag, ungar og alt anna kvardagsheltane skal rekke, medan partnarane våre sørgjer for at tinga dine varer lenger. Det er bra for deg – og bra for miljøet.
Nedanfor har du full oversikt over kor og kva du kan fikse lokalt hos deg. SUM- Partnar prosjektet ynskjer fleire med. Har du nokon i tankane kan du fylle ut skjema i linken nedanfor.
SUM- Partnar Sunnfjord
I Sunnfjord kan du mellom anna få reparert møblar, klede og ski. Ein kan ta seg ein tur innom ein av våre mange partnera for ein prat og bli inspirert. Kanskje ein ikkje treng å kjøpe noko i gåve, då dei gåvene som oftast blir satt pris på er laga sjølve. Les meir om SUM- Partnar prosjektet i Sunnfjord her.
SUM- Partnar Fjaler
I Fjaler kan du låne nytt fritidsutstyr kostnadsfritt, gi klede til glede for andre og få klede, heilt gratis! Freistar det med ein kajakktur over til vakre Lauklandsfossen? Då kan du låne kajakk frå badevika i Dale sentrum. Her kan du vere heldig å få sydd om ein bunad, eller få ein ny skreddarsydd til deg av ein ekte handverkar. Les meir om SUM- Partnar i Fjaler her.
SUM- Partnar Hyllestad
I Hyllestad har dei bygd ein unik møteplass, her blir ein tilbydd sofakrok, gode samtalar og ikkje minst ombruk. Mange verdensproblem løysast her. Om du ynskjer å teste ut ein ny hobby kan du låne fritidsutstyr heilt kostnadsfritt hjå BUA. Les meir om SUM- Partnar prosjektet i Hyllestad her.
SUM- Partnar Askvoll
I Askvoll møtast ein på Gratisbutikken. Her er det mykje fint, men også morro for dei små. Barneklassar tar seg gjerne turen hit for å få seg ein ny leike, gje vekk ein leike eller berre for å komme ned å leike. På kaia i Askvoll kan ein også låne seg heilt nytt fritidsutstyr. Les meir om prosjektet SUM- Partnar i Askvoll her.
SUM Partnar
Om du vel å bruke SUM- Partnar investera du i eit levande lokalsamfunn samtidig som du tar vare på naturen. Små grep, store resultat.