Dunken min er ikkje tømt
Vi gjer vårt beste for at du som abonnent skal få tømt dunken til oppsett tidspunkt. Likvel hender det at dunkar ikkje vert tømt av ulike grunnar.
Krav før tømming
For å kunne tømme dunken din stiller vi nokre enkle krav. Dette gjer vi for at renovatørane skal kunne jobbe effektivt og ha ein trygg arbeidskvardag. Har du gjort alt rett men likevel ikkje fått tømt dunken din? Då setter vi pris på at du melder frå om dette så tidleg som mogleg i skjemaet nedanfor.
-
1
Oppstilt før kl. 07:00
Set dunken din fram på oppstillingsplass før kl. 07:00 på tømmedag. Last gjerne ned appen vår for påminning kvelden før.
-
2
Lukka lokk
Dunken kan ikkje vere overfylt. Det du ikkje får plass til kan du levere på gjenvinnigsstasjon eller vente med til neste tømming.
-
3
Tilgjengeleg
Sett dunken lett tilgjengeleg for renovatøren med handtaket vendt ut mot vegen. Det skal vere maks 5 meter frå behaldar til køyrbar veg.
-
4
Riktig sortert
Bruk sorteringsmateriell frå SUM - plastsekkar til plastemballasje og papirposar til matavfall. Sørgar for at innhaldet er riktig sortert.
Fyll ut skjema
Ofte stilte spørsmål
Kvifor er dunken min berre delvis tømt?
Dersom behaldaren din berre er delvis tømt, tyder det på at avfallet har sett seg fast i behaldaren, og dermed ikkje falt ordentleg ut. Behaldaren vert rista godt når den står opp ned, og avfallet skal då falle ut. Renovatørene har, grunna HMS-reglement, ikkje lov til å røre det som er oppi behaldarane. Dersom avfallet ikkje fell ut når behaldaren vert rista, har dei ikkje anna val enn å la avfallet ligge igjen. Dette skjer som regel når det vert lagt for store gjenstandar i behaldaren, eller dersom avfallet vert komprimert for mye, slik at det blir vakuum i botnen av behaldaren ved tømming. Det blir gjerne ekstra ille i forbindelse med frost.
Du må sjølv passe på at avfallet ligger laust nok i behaldaren til at det vil falle ut ved tømming. Eit førebyggjande tiltak mot fastfrose boss kan for eksempel være å legge ein laus pose, eller litt sagspon/flis/kvist i botnen av behaldaren.
Kan eg bruke bioposar til matavfallet?
Nei, SUM kan ikkje ta i mot matavfall levert i bioposar. Bioposane er seige og heng seg opp i maskinene til anlegget vi leverer matavfallet til. Renovatørane våre sjekkar tilfeldige dunkar før dei tømmer. Vert det oppdaga bruk av bioposar vil ikkje dunken bli tømt.
Matavfallet må du derfor sortere i papirposar. Desse finn du i utvalde butikkar. Papirposane er spesiallaga til matavfall og toler ein del fukt. Likevel er det lurt å la matrestane tørke litt før du kastar dei i posen.