65 % - eit felles mål
I løpet av eit år kastar vi i snitt 450 kg avfall i Norge. Det aller beste vi kan gjere for miljøet, er å redusere forbruket vårt ved å kjøpe mindre ting.
Kva er 65 % målet
Noreg har forplikta seg, saman med resten av EU og gjennom EØS-avtala, til å nå minst 65 % ombruk eller materialgjenvinning av hushaldsavfall innan 2035.
I dag har Noreg ein lang veg å gå samanlikna med mange andre europeiske land. For å nå målet treng vi innsats frå deg som forbrukar.
Kvifor 65 %-målet er viktig
Noreg er eitt av landa som forbrukar mest, og vi er blant dei som set størst avtrykk på klimaet. Samstundes betyr dette at vi har stort potensial til å påverke miljøfotavtrykket vårt.
65 %-målet er fastsett gjennom EU sitt avfallsregelverk, og mange land i Europa har allereie kome langt. No er det Noreg sin tur – og arbeidet startar her i Sunnfjord, Fjaler, Askvoll og Hyllestad.
Om vi når målet, vil vi spare naturressursar og redusere miljøpåverknaden – ein viktig del av kampen mot klimakrisa.
Kva betyr dette for deg som forbrukar?
Vi klarte ikkje 50 %-målet som gjaldt for 2020, men no har vi strengare reglar og nye forskrifter som skal hjelpe oss å nå 65 %-målet. Dette handlar om utsortering av plast, matavfall, glas- og metallemballasje, papp og papir.
Som forbrukar er det viktig å lage gode rutinar og leggje til rette for å ta berekraftige val i ein travel kvardag. Det startar med eit bevisst forhold til forbruk og avfall.
Dersom vi saman ikkje klarar å nå måla kan eit av insentiva til staten være å auke prisar ytterligere.
Utsorteringskrav
I lovdata (§ 10a-4) står det at hushaldsavfall skal utsorterast slik at ein når 65 %-målet. Følgjande mål skal vere nådd innan 2035:
Matavfall: 70 %
Papp og papir: 80 %
Glas- og metallemballasje: 90 %
I tillegg skal park- og hageavfall frå hushald sorterast ved kjeldesortering. Tekstilavfall som kan ombrukast eller materialgjenvinnast sorterast ved kjeldesortering
Bevisst forhald til konsum og avfall
Vi har aldri før blitt meir eksponerte for ting vi kan kjøpe, og difor er det viktigare enn nokon gong å ha eit bevisst forhold til konsum. Det kan vere freistande å kjøpe noko som er på tilbod, sjølv om ein eigentleg ikkje har behov for det. Når varer er billige og lett tilgjengelege, er det lett å gje etter.
Sosiale medium har gjort det svært enkelt å påverke både unge og vaksne til å kjøpe nye produkt. Tidspress i kvardagen kan òg føre til lite gjennomtenkte kjøp, der det berre krevst nokre få tastetrykk. Aldri før har folk handla meir enn vi gjer no.
Eit meir bevisst forhold til forbruk og avfall sparer naturressursar, reduserer utslepp og bidreg til at vi når 65 %-målet for materialgjenvinning innan 2035.

Tilrettelegging av deg– handle smart og sortere rett
Før du skal handle
Ha handlenett lett tilgjengeleg! Som regel er det ikkje fordi ein ikkje vil ta berekraftige val at ein ender opp med nye plastposar heim frå butikken – det handlar rett og slett om å hugse det når ein er i farta.
Tips: Ha handlenett ved utgangsdøra, i bilen, i sekken eller på jobben. Då blir det mykje enklare å droppe plastposen og redusere avfall i kvardagen.
Når du skal handle
Uplanlagde handleturar fører ofte til at vi kjøper ting vi eig allereie, eller mat med kort haldbarheit. Dette skaper meir matsvinn, som bidreg til meir avfall og større klimaavtrykk.
Ved å tenkje ombruk, lokale alternativ og planlegging, kan du gjere ein stor forskjell. SUM-området har mange gode lokale produsentar og butikkar. Når du vel lokale produkt, støttar du både berekraft og lokalsamfunnet.
Ved å kombinere bevisste kjøp med rett sortering, reduserer du både avfallsmengda og klimaavtrykket – og bidreg til at SUM når målet saman med resten av Noreg og EU.

Sorteringsguide
Dette klarar vi berre saman
For å nå desse måla er vi avhengige av at alle sorterer rett. Dette er i stor grad ein dugnadsjobb, der kvar enkelt bidrag tel.
I denne artikkelen finn du ei oversikt over korleis du sorterer dei ulike avfallsfraksjonane. Denne kan du skrive ut og henge opp heime, slik at sortering blir enkelt i kvardagen.

Tilrettelegging av SUM
Altfor mykje avfall som skulle vore sortert og gjenvunne, ender i restavfallet. Vi er framleis eit godt stykke unna 65 %-målet innan 2035, men med tilrettelegging både frå deg som forbrukar og frå SUM, er det mogleg å nå målet.
Gjenbruk er best for miljøet. Det som ikkje kan sorterast heime, skal leverast til gjenvinningsstasjonen. Til dømes glas og metall som ikkje er emballasje. Dersom gjenstanden framleis har bruksnytte, kan ho leverast til bytebua på gjenvinningsstasjonen, slik at andre kan få glede av den.
Vi vil derfor starte eit prosjekt for å finne gode, lokale alternativ for deg som forbrukar. Dette kan vere:
- å få reparert ting i staden for å kjøpe nytt
- å byte gjenstandar som framleis kan brukast av andre hushald
Prosjektet heiter SUM Partner. Målet er å samarbeide med lokale aktørar for å rettleie abonnentar til å ta meir berekraftige val.
Om du kjenner til eit føretak som kan vere ein god partner for SUM, ber vi deg ta kontakt gjennom lenka under.

Plukkanalyse
Skal vi klare å nå 65% målet, er vi avhengige av ein felles innsats. Plukkanalysen viser at mykje av det som i dag hamnar i restavfallet eigentleg kan sorterast. Særleg matavfall, plast, og glas- og metallemballasje har stort forbetringspotensiale.
Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord er ulike kommunar, men vi delar dei same utfordringane, og dei same moglegheitene. Når kvar husstand gjer litt meir i kvardagen, gir det stor effekt samla sett. 65% målet er ikkje noko SUM kan nå åleine, men noko vi berre kan få til i lag, på tvers av heile regionen.
Nedanfor kan du sjå den fulle plukkanalysen for 2025. Resultatet viser at SUM ikkje oppfyller nokon av utsorteringskrava i dag, heller ikkje matavfall, der kravet er gjeldande allereie frå 2025. Vi har ein veg å gå, men med riktig tilrettelegging av deg som forbrukar og oss i SUM skal vi fint klare å nå dette.

Dette skjer med avfallet ditt
La avfallet ditt jobbe vidare. Dersom vi er flinke til å sortere, vil det aller meste ha ein vidare verdi som vi kan nytte. For Einestølen er ikkje siste stoppestad for avfallet ditt. Det aller meste blir gjenvunne, enten til nye material eller til energi som biogass og fjernvarme. Ved sortering får vi også hindra at farlege miljøstoff ikkje hamnar på avveie. Derfor er riktig sortering viktig.

Heimekompostering
Kompostering er ein fantastisk måte å utnytte ditt eige matavfall lokalt. Det sparar miljøet for transport og avfall, og du får i gjengjeld næringsrik jord som plantene dine vil nyte godt av. Som SUM-abonnement kan du inngå avtale om å kompostere ditt eige matavfall ved å nytte godkjent komposteringsmetode. Vi hjelper deg gjerne på vegen.

Næring
Det er viktig at bedriftene også tek eit samfunnsansvar. Ein kan vere kreativ på stand, det er ikkje nødvendigvis slik at ein treng å dele ut gratis ting for å gjere folk merksam på merkevara di. Ynskjer å oppmuntre alle bedrifter som held stand til å være kreative, gje budsjettet ein boost med å fjerne giveaways. Om bedriftene har eit bevisst forhald til berekraft har ein spart miljøet mykje.

Korleis kastar eg riktig?
Har du noko du skal kaste, men veit ikkje kor det skal? Søk her!