Hopp til hovudinnhald

Heimekompostering

Komposter matavfallet ditt og få næringsrik jord til plantane, samtidig som du sparar miljøet for transport og avfall. Hos SUM kan du inngå avtale for heilårs kompostering med godkjent metode.

Jord i pallekarm
Foto: Sandie Clarke Kilde: Unsplash

Komposteringsmetodar

Nokre metodar krev stort areal og arbeidsinnsats, medan andre krev mindre. Finn ein metode som du synes er interessant og som du kan tenke deg å halde på med året rundt. Ikkje minst: ha det gøy og la deg imponere over kva du kan få til med ditt eige matavfall!

Varmkompostering

Eggeskal

Varmkompostering føregår i ein tett, isolert behaldar utandørs. Her kan temperaturen komme opp i heile 70 grader. Den høge temperaturen gjer til at prosessen frå avfall til næringsrik jord skjer mykje raskare enn det ville gjort ved lågare temperatur. Forvandlinga kan skje i løpet av kun nokre månader! Det å oppretthalde høg temperatur og ein jevn nedbrytingsprosess krev litt kunnskap. Finn nokon som har erfaring og bli kjent med denne metoden. Kanskje du har ein nabo med nokre nyttige tips?

Bokashi

Matavfall som er klar for kompostbinge

Liten tålmodighet og likar å sjå at prosessar går kjapt? Då er kanskje Bokashi noko for deg. Med denne metoden kan matavfallet ditt bli til næringsrik jord og gjødsel i løpet av kun nokre veker.  Prosessen føregår til dels innandørs i lufttett behaldar. Matavfallet vert lagt lagvis med bokashistrø i behaldaren fram til den er full. Då skal innhaldet "kvile", før det vert blanda med jord.  Komposteringa tar minimalt med plass og luktar ikkje vondt. Perfekt for deg som har lite areal.

Kaldkompostering

Kompostering av hageavfall

Bli kvitt hageavfallet ditt på ein enkel og effektiv måte! Kaldkompostering er heilt enkelt ei samling av greiner, lauv, grasklipp og anna hageavfall i ein binge. Sakte men sikkert vil det bli omdanna til jord. Dette er ikkje ein komposteringsmetode som eignar seg for behanding av matavfall ditt på grunn av lukt og skadedyr. SUM gjev difor ingen støtte eller rabatt ved bruk av denne metoden. Vi heiar likevel på kaldkompostering av hageavfall då det gjev mulighet til å nytte ressursar lokalt. Ikkje minst slepp du å frakte vekk ditt eige avfall.

1..2..3.. Komposter!

  1. 1

    Kunnskap

    Skaff deg kunnskap! Lær om dei ulike metodane og finn den som passar best for deg. Informasjon kan du finne i bøker og videoar, eller kanskje du kan melde deg på eit kurs? Det finst mange moglegheiter.
     

  2. 2

    Utstyr

    Når du har valgt komposteringsmetode er det på tide å skaffe seg ein behaldar og tilhøyrande utstyr. Dersom du vil kjøpe ny behaldar kan du søke støtte om opptil 20 % av kjøpesummen frå oss(maks refusjon kr 2000). Behaldaren må vere godkjent etter våre retningslinjer, og kvitteringa kan ikkje vere eldre enn 6 månadar gammal.

  3. 3

    Plassering

    Det er på tide å plassere behaldarane. Enkelte typar skal vere inne, andre ute. Denne informajsonen finn du hos forhandlar. Hugs at komposteringa ikkje skal vere til sjenanse for nokon. 

  4. 4

    Inngå avtale

    Det meste er komt på plass, og du du kan begynne å kompostere. Inngå komposterinsavtale med SUM dersom du skal kompostere heile året igjennom. Fyll inn søknadsskjema og vent på svar.

  5. 5

    Komposter

    Komposter heilt året, både sommar og vinter. Sjå at matavfallet ditt vert forvandla til næringsrik jord som planane dine vil nyte godt av. 

Krav til behaldar

For at du skal kunne kompostere matavfallet heile året rundt, stiller vi nokre krav til eigenskapane til komposteringsbehaldaren.  Oversikt over desse krava finn du i vår renovasjonsrettleiar. Finn du ikkje behaldaren du ønsker å ta i bruk på lista? Ta kontakt, så kan vi sjekker vi opp i det. 

Godkjent kompostbinge
  • Bokashi 
  • KompostBjørn 
  • Storeholmen – Moldvarpen 
  • Separett Kompen (tidligere CIPAX) 
  • Holmar – 2 kammer à 85L 
  • Oshaugbingen 
  • Biotopp Varmkompost 
  • Biolag 22L og 500L hurtigkompostholdere 
  • EcoBoss – Varmkompost 
  • Jorakompost - Varmkomposter
  • Urban Garden bokashi 
  • GreenLine Master kompostbinge 375L
Ikkje godkjent kompostbinge
  • Grønne Johanna(Sommerbutikken AS)
  • Mully Varmkompost(Clas Ohlson)
  • Kompost 240L og Kaldkompost(Biltema)
  • Compogreen kompostbinge 380L og Compogreen Vario 750L(Plantasjen/Prosperplast)

Sjølv om ein kompostbehaldar ikkje svarar til SUM sine krav kan du likevel ta dei i bruk. Legg merke til at det då ikkje vil bli godkjent søknad, og du vil difor ikkje motta noko form for rabatt eller tilskot. Matavfalldunk vert heller ikkje henta inn. 

Gå til renovasjonsrettleiar

Gå til gebyrforskift for å sjå korleis komposteringsavtale påverkar ditt gebyr

Inngå komposteringsavtale

SUM dekkar inntil 30% av kjøpssummen ved framlegg av kvittering som ikkje er eldre enn 6 månadar.

  • Avtalen er ikkje godkjent før du har fått skriftleg tilbakemelding frå oss. 
  • Ved godkjent komposteringsavtale vert matavfallsdunken din henta inn. 
  • SUM har rett til å trekke tilbake samtykke dersom kompostering av matavfall ikkje vert utført i samsvar med våre retningslinjer.

Ofte stilte spørsmål

Får eg rabatt ved heimekompostering?

Det skal lønne seg å heimekompostere! Vi har to goder for deg som vel å gjere dette, både rabattert renovasjonsgebyr, samt refusjon av inntil 30% av kjøpssummen ved kjøp av ny kompostbehaldar eller Bokashi.  

Tilkot: Ved kjøp av ein ny kompostbehaldar eller Bokashi kan SUM gi refusjon av inntil 30% av kjøpesummen(maks 2000,- i refusjon). Dette krev at kvitteringa ikkje er gamlare enn 6 månader ved innsending. Kvittering må sendast inn saman med ein utfylt søknad. Dersom ein har krav på refusjon vert beløpet trekt ifrå på neste faktura. Tilskudd gjeld kun ved kjølp av nytt utstyr. Kjøper du for eksempel eit Bokashisett til 1500-, vil du få 450,- i tilskot av SUM.  

Slepp eg å ha eigen matavfallsdunk?

Ja, dersom du har fått godkjent søknad, og ikkje deler dunk med andre, vil matavfallsdunken din bli henta inn. Du vil få beskjed om dette i svar på søknaden din. Dersom avtalen om heimekompostering vert avslutta, vil matavfallsdunken bli utlevert igjen. 

Kan eg kompostere saman med andre?

Ja, dersom eigedomsgrensa er felles, og avstanden mellom bueiningane ikkje er over 600 meter i luftlinje. Komposteringsbehaldarane må ha stor nok kapasitet, og vere lett tilgjengeleg for dei som vil inngå avtale saman. Kvar bueining er nøydd til å sende inn eigen søknad for å få oppfylt krav om reduksjon i renovasjonsgebyret. 

Sorteringsguide

Korleis kastar eg riktig?

Har du noko du skal kaste, men veit ikkje kor det skal? Søk her!