For deg med hytte og fritidseigedom
Alle som eig ei hytte skal ha ei renovasjonsordning og må betale eit årleg renovasjonsgebyr for å dekke kostnadane ved dette.
Prisar for hytterenovasjon 2026
| Type abonnement | Årspris(inkl. mva) |
|---|---|
| Hytte utan dunk | 2 695,- |
| Hytte med dunk for restavfall | 4 043,- |
| Hytte med ordinær renovasjonsordning | 4 851,- |
| Hytte under 30 m² | 1 348,- |
| Hytte utan vatn og straum | 1 348,- |
Gebyr for hytte under 30m² og hytte utan vatn og straum kan innvilgast etter søknad.
Trykk her for å søke om redusert gebyr.
Sjå næraste returpunkt
Søk om redusert hyttegebyr ved hytte under 30m2 eller hytte utan straum og vatn
Slik fungerer hytterenovasjon
- Hytte- og fritidsbustadabonnentar kan levere det daglege avfallet som oppstår på hytta, til ein felles hyttekonteinar. Du bestemmer sjølv kva konteinar du vil nytte deg av.
- Det er berre eigar/brukar av fritidsbustaden som skal nytte seg av hyttekonteinarane.
- Det er ikkje lov å sette frå seg avfall på utsida av ein hyttekonteinar. Det vert rekna som forsøpling. Meld ifrå til oss dersom ein hyttekonteinar er full.
- Større gjenstandar (til dømes byggavfall, møblar, hageavfall, farleg avfall og elektronisk avfall må du levere til ein gjenvinningsstasjon).
- Dersom du har fritidsbustad med eigne dunkar må du sette fram dunken på same tid og stad som fastbuande. Sjå på tømmekalendaren for riktig tømmedag.
Hytte på Værlandet eller Bulandet?
Frå og med 2024 vart hyttekontainarane her utstyrt med lås. Alle som er registrert som hytteabonnement har fått utlevert eit par nøklar og informasjonsskriv pr. post. Utan nøkkel vil du ikkje kunne kaste avfall. Som hytteeigar er du ansvarleg for at du har nøkkel med deg når du skal kaste bosset etter deg. Og du? Hugs å låse dunken etter deg slik at dunkanen ikkje vert nytta av uvedkommande. Har du mista nøkkel eller av andre grunnar behov for fleire? Send oss ein e-post!
Unngå forureining
Dersom konteinaren er full, ber vi deg om å ikkje sette avfallet på bakken. Ifølge forureiningslova blir dette sett på som forureining, og kommunen kan pålegge deg å betale kostnadane for opprydding.
Ta heller med deg avfallet heim og meld ifrå om full konteinar til oss.
Ofte stilte spørsmål
Kan eg søke fritak frå hytterenovasjon?
Du kan søke fritak dersom vilkår for fritak er oppfylt.
Kvifor er det ikkje fleire hyttereturpunkt?
Vi ønsker å ha eit godt og breit renovasjonstilbod for våre hytteabonnementar. Visste du for eksempel at vi har over 40 hyttereturpunkt? Desse kan du gjere deg kjent med i kartet ovanfor.
Returpunkta vert i hovudsak plassert i nærleiken av større hytteområder og knutepunkt. Det kan vere ulike årsaker til at eit område ikkje har hyttereturpunkt. For å kunne plasserer ut hyttekontainar for avfall må SUM ha godkjenning av grunneigarar. Dette får vi ikkje alle plassar. Samtidig er vi nøyd til å sørge for at vi ikkje fordyrar tilbodet i stor grad. Dette vil vere med på å auke gebyret.
Eg brukar hytta sjeldant. Kvifor må eg betale like mykje som alle andre?
Hytterenovasjon er ei spleiseordning for dei som har hytter. Alle betalar likt uanhengig av bruk. Gebyret er fastsett etter sjølvkostprinsippet. Det vil seie at SUM tar betalt for det det kostar å drifte tenesta, verken meir eller mindre.
Kan eg få eigne avfallsbehaldarar på hytta?
Det kan vere nyttig med eigen avfallsbehaldarar dersom du er mykje på hytta. Dette er fult mogleg, men du er avhengig av at det allereie eksisterar ei renovasjonsrute i området. Gjer deg difor kjent med rute og oppstillingsplass i området ditt. Desse er dei same som for hushaldning. Hugs på at plassering av dunkar ikkje skal vere til sjenanse for andre.
Ta gjerne kontakt med vårt kundesenter for å finne ut om dunkarenovasjon på hytta er noko som kan passe deg.