Vi hentar avfall kvar veke
Hugs å følge med i avfallskalendaren for å sjå kva dunk du skal sette fram. Vi jobbar med å få ny app på plass - då vil du få varsel rett i mobilen.
Ny betalingsmodell frå 1. januar 2025
Frå 1. januar 2025 innførte vi ein ny gebyrmodell for hushaldningsabonnentar. Den nye betalingsmodellen, kalla rettferdig betalinsgmodell, er basert på prinsippet om at du skal betale etter kor mykje du kastar. Renovasjonsgebyret vil bestå av to delar: eit fast grunngebyr og ein variabel del.
Grunngebyr: 4 200kr
Dette er ein årleg kostnad som vil vere lik for alle. Grunngebyret dekkjer henting, handsaming og vidare transport av matavfall, papp/papir, plastemballasje, samt glas- og metallemballasje frå felles oppsamlingsplassar. Administrasjonskostnader knytt til renovasjon er også medrekna.
Variabel del:
Den variable delen av gebyret kan du sjølv påverke. Kvar gong du set fram restavfallsdunken din vert du belasta for eit bestemt beløp. Beløpet avhenger av kva størrelse du har på dunken. Tømmer du restavfallsdunken sjeldan vil du få eit lågare gebyr enn ved å setje den fram ved kvar moglege tømming. Målet med den nye modellen er å oppmuntre til betre avfallssortering og mindre restavfall.
Ofte stilte spørsmål til ny betalingsmodell
Her finn du ei samling av ofte stilte spørsmål til den nye betalingsmodellen. Ta gjerne kontakt med oss dersom du ikkje finn svar på det du lurer på.
Korleis kan eg påverke renovasjonsgebyret mitt?
Det er antall tømmingar av restavfallsdunken som påverkar renovasjonsgebyret ditt. Jo færre tømmingar, jo lågare gebyr. Målet med dette er å redusere mengde restavfall som vert kasta. Restavfall er dyrt å behandle og er ikkje-gjenvinnbart. Dersom du er flink til å sortere avfallet ditt kan du redusere mengde restavfall. Sorter ut papp/papir, plast, batteri og matavfall. Dette kan du levere så ofte du vil på tømmeruta utan at det aukar renovasjonsgebyret ditt. Glass- og metallemballasje kan du levere på felles oppsamlingsplass.
På gjenvinningsstasjonane kan du levere metall, hageavfall, EE-avfall, farleg avfall, papp/papir, plastemballasje, og glas-og metall utan ekstra kostnad. Dette er inkludert i grunngebyret. Det vil seie at dersom du kjem med i eit køyretøy med berre éin eller fleire av desse avfallstypane, skal du ikkje betale. Andre avfallstypar vert betalingsvare på gjenvinningsstasjonane frå 1. januar 2025.
Kva kostar tømming av restavfallsdunken min?
Pris for restavfallstømming varierar etter kva dunk du har.
- 140 liter restavfallsdunk: 120 kr(inkl. mva) pr. tømming
- 240 liter restavfallsdunk: 210 kr(inkl. mva) pr. tømming
Kva er lågaste pris og kva er makspris med rettferdig gebyrmodell?
Grunnprisen er på 4 200kr(inkl. mva). Dette er det minste du må betale dersom restavfallsdunken aldri vert sett fram til tømming. Set du fram ein standard 140 liter restavfallsdunk fram ved kvar moglege tømming – 26 gongar - vil du betale 7 320kr i året. For ein 240 liter restavfallsdunk er maks årspris 9 660kr.
Er modellen så rettferdig?
Vi forstår at modellen kan slå hardt ut mot enkelte grupper i samfunnet, til dømes småbarnsfamiliar med tanke på bleiebruk og mengda restavfall dei genererer. Likevel om modellen kan verke urettferdig mot enkelte grupper, kan vi ikkje frita eller setje ned avfallsgebyret ut ifrå sosiale omsyn, jf. Miljødirektoratet sin «Veileder for beregning av kommunale avfallsgebyr», kapittel 4.3.5. Alle abonnentar må betale for restavfallet dei set fram. Vi oppfordrar likevel til auka fokus på avfallsreduksjon og sortering av andre avfallsfraksjonar for å minimere dei totale renovasjonskostnadane for hushalda.
Korleis veit SUM når eg tømmer restavfallsdunken min?
Alle dunkar er merka med ei RFID-brikke. Når renovasjonsbilen tømmer dunken, vert brikka automatisk lest og tømminga registrert. Dersom RFID-brikka blir fjerna, vil SUM automatisk få ei feilmelding, og dunken vert ikkje tømd.
På fakturaen din vil du ha full oversikt over kor mange gonger dunken din har blitt tømd. Vi jobbar med å få på plass ein ny nettside med ein «mi side»- funksjon. Der kan du som kunde logge deg inn for å få full kontroll over ditt eige abonnent hos oss.
Dunken min står alltid framme på oppstillingsplass. Korleis unngår eg at restavfallsdunken vert tømt?
Dersom dunken din står fast ved oppstillingsplass, må du sikre deg ein «gul stafettpinne». Den skal du bruke dei gongane du ikkje vil tømme restavfallet. Dersom pinnen ikkje heng på dunken, vil renovasjonsbilen tømme dunken, og tømminga blir registrert. Den «gule stafettpinnen» får du tak i der du finn plastrullar og matavfallsposar frå slutten av november.
Kor ofte vil SUM tømme dunkane mine?
Vi vil halde fram med å køyre dei same rutene som tidlegare. Du bestemmer sjølv når du ynskjer å sette fram dunkane dine til tømming.
- Restavfall kvar 2. veke
- Matavfall kvar 2. veke
- Papp/papir/plast kvar 4. veke
Vil eg framleis få delingsrabatt?
Dersom du deler dunk med nokon vil begge partar betale eit ordinært grunngebyr på 4 200kr kvar. Tømmekostnadane for restavfallsdunken vert fordelt likt mellom dei som delar dunk.
Kva vil det koste å levere avfall på gjenvinningsstasjon?
- Bil eller mindre køyretøy: 150 kroner
- Varebil: 350 kroner
- Bil med hengar: 350 kroner
- Varebil med hengar: 400 kroner
- Traktor: 800 kroner
Varebil: Vi tar utgangspunkt i kva bilen er registrert som hos Statens Vegvesen. Du kan sjekke køyretøyopplysningane i vognkortet eller på Statens Vegvesen si eiga heimeside. Sjå køyretøyopplysningar her.
Du kan betale med vipps, kort eller kontant på alle gjenvinningsstasjonane våre.
Dette er inkludert i grunngebyret, og kan leverast utan ekstra kostnad:
- Metall
- Hageavfall
- EE-Avfall
- Farleg avfall
- Papp/Papir
- Plastemballasje (mjukplast)
- Glass- og metall emballasje
Det vil seie at dersom du kjem i eit køyretøy med berre desse avfallstypane, skal du ikkje betale.
NB: Matavfall må du levere som vanleg med dunk på renovasjonsruta.
Kvifor vert det innført betaling på gjenvinningsstasjon?
Vi ser oss nøyde til å innføre betaling på gjenvinningsstasjonane for at rettferdig gebyrmodell skal fungere. Den nye betalingsmodellen sikrar at dei som brukar gjenvinningsstasjonane mest, bidreg mest til kostnadane knytt til handtering av avfallet. Betaling vert innført frå 1.januar 2025.
Korleis vil ny betalingsmodell fungere for meg som bur i burettslag?
Hos burettslag, som delar på større dunkar, er det vanskeleg å måle nøyaktig kor mykje kvar enkelt kastar. Vi nyttar difor fastpris. Kvar bueining har eit årleg renovasjonsgebyr på 5 880kr (inkl. mva).
Vil eg framleis få rabatt ved heimekompostering?
Vi gir fremdeles rabatt ved heimekompostering. Dersom du allereie har avtale om heimekompostering med SUM, treng du ikkje gjere noko. Rabattordninga held fram som før.
Kva gjer eg om naboen brukar dunken min?
Vi anbefalar at du merkar dunken din slik at den ikkje vert forveksla med nokon andre sin. Bruk for eksempel eit band, klistermerker eller liknande. Dersom du er usikker på kva dunk som tilhøyrer deg kan du sjå eigedomsinformasjon på etiketten. Denne finn du på sida av dunken.
Erfaringane til andre avfallsselskap med same ordning tilseier at det ikkje er eit vanleg problem at folk misbrukar andre sine dunkar.
Sjå næraste returpunkt for glas- og metallemballasje
Sorteringsguide
Korleis kastar eg riktig?
Har du noko du skal kaste, men veit ikkje kor det skal? Søk her!
Behov for konteinar?
Skal du renovere eit hus eller ha stor opprydding heime? Vi har konteinarar til leige dersom du skal frakte større mengder avfall.