Levering av avfall
Både privatkundar og næringskundar kan levere avfall hos oss. SUM har til saman seks gjenvinningsstasjonar, og du kan sjølv velje kva stasjon du vil levere avfallet ditt på.
Prisar
| Type køyretøy | Pris (ink. mva) |
|---|---|
| Bil, mindre køyretøy eller gåande | kr 150 |
| Bil med hengar | kr 350 |
| Varebil ¹ | kr 350 |
| Varebil med hengar | kr 400 |
| Traktor | kr 800 |
Du kan betale med vipps, kort eller kontant.
¹ Varebil: Vi tar utgangspunkt i kva bilen er registrert som hos Statens Vegvesen.
Du kan sjekke køyretøyopplysningane i vognkortet eller på Statens Vegvesen si eiga heimeside. Sjå køretøyopplysningar her.
Merk at om ei næring er involvert i avfallet, for eksempel innleigd for transportering av avfallet, vil avfallet sjåast som næringsavfall.
Pris er då avhengig av vekt, og farleg avfall må deklarerast.
Gebyrfrie avfallstypar
Her ser du kva du kan levere til gjenvinningsstasjonane våre, utan gebyr.
Dersom du kjem med eit køyretøy som berre inneheld desse avfallstypane, betalar du ingenting.
Merk at dersom du leverer noko som er betalingspliktig, sjølv ein liten ting, gjeld alltid same pris for køyretøyet ditt, uavhengig av mengde.
| Avfallstype | Eksempel: |
|---|---|
| Metall | Sykklar, kasserollar, spikar |
| Hageavfall | Blomar, kvistar, gras, buskar, tuja |
| EE-avfall | Mobiltelefonar, batteri, kvitevarer, lampar |
| Farleg avfall | Sprayboksar, malingsspann, drivstoff, kjemikaliar |
| Plastemballasje (mjuk plast) | Rein plastemballasje, vaska blomepotter |
| Glas- og metallemballasje | Syltetøyglas, hermetikkboksar, glasflasker |
| Papp og papir | Aviser, pocketbøker, papp og papir |
Hugs at:
- Hardplast er ikkje det same som plastemballasje. Hardplast (hage-møblar, plastleikar, røyr osv.) er ein eigen fraksjon og er gebyrpliktig.
- Trevirke (både behandla og ubehandla) er gebyrpliktig.
- Impregnert trevirke reknast som farleg avfall, og er gebyrfritt.
- Bøker med hardt omslag er restavfall, og er gebyrpliktig.
- Våt/blaut papp kan ikkje resirkulerast, og går derfor som restavfall, og er gebyrpliktig.
- Glass som drikkeglass, karafflar, speglar og glassplater er gebyrpliktig.
- Isopor er restavfall, og derved gebyrpliktig.
- Gips er ein eigen fraksjon og gebyrpliktig.
- Stein og jord er (ikkje brennbart) restavfall, som er gebyrpliktig.
Opningstider
Gjenvinningstasjonar
Førde og Naustdal gjenvinningsstasjon - Einestølen/Hesjedalen
Stengt. Open måndag 09:30 – 17:00
Askvoll gjenvinningsstasjon - Olsetvikane
Stengt. Open måndag 12:00 – 18:00
Fjaler gjenvinningsstasjon - Flekke
Stengt. Open tysdag 12:00 – 18:00
Gaular gjenvinningsstasjon - Sande
Stengt. Open onsdag 12:00 – 18:00
Hyllestad gjenvinningsstasjon - Staurdalen
Stengt. Open onsdag 12:00 – 18:00
Jølster gjenvinningsstasjon - Skei
Stengt. Open torsdag 12:00 – 18:00