Hopp til hovudinnhald

Kundesenter

Har du spørsmål eller treng hjelp, er det berre å ta kontakt med oss. Du kan nå oss på telefon eller e-post, og vi er klare til å hjelpe deg. Husk at du også finn mykje nyttig informasjon og svar her på heimesida vår.

Bilde av kunde som får papirposer for matavfall gjennom luke.
Foto: Photoevent

Kundesenter

Kontakt

Ring sentralbord 577 24 150 
Åpent kvardagar 09:00-15:00

Kontakt oss på 
post@sum.sf.no 

Besøk oss

Elvetorget, 3.etasje
Naustdalsvegen 1B
6800 Førde

Postadresse

Sunnfjord Miljøverk IKS
Kloppstadvegen 310
6815 Førde

Vi plingar i telefonen din!

Ikkje gløym å sette fram dunken. Last ned SUM-appen, så får du varsel når det er på tide å sette ut dunken før tømming. 

Mange lurer på dette:

Kan eg utsette forfallsdato?

Det kan du heilt fint gjere! Ta kontakt med kundesenteret for ordne dette. Vi har moglegheit til å utsette forfall til utgangen av perioden det vert fakturert for. Dersom faktura allereie er sendt vidare til inkassoselskap er det dessverre for seint. Gi difor beskjed før opprinneleg forfallsdato. 

Kan eg endre fakturamottakar?

SUM sender kun faktura til den som er tinglyst eigar av eigedommen. Ifølgje Ureiningslova §34 er det eigar som har ansvaret for å betale renovasjonsgebyret. Vi kan difor ikkje endre kven som får faktura til nokon andre, til dømes leigetakar. Dersom det er ein festeavtale, er det tomtefastar som må betale avgifta. Dersom renovasjonsavgifta ikkje vert betalt, kan SUM, om nødvendig, kreve inn beløpet med tvang. 

Kor ofte kjem det faktura frå SUM?

Frå og med 1.1.2025 vil vi endre faktureringsfrekvensen vår frå halvårlig til kvartalsvis. Denne endringa vert gjort for å gje deg som kunde betre oversikt over kostnadane.

  • Termin 1 - februar
  • Termin 2 - mai
  • Termin 3 - august
  • Termin 4 - november

Normalt 3 veker betalingsfrist.