Lær barn og unge om å leve berekraftig
Hos LOOP Miljøskule kan du finne gratis undervisningsmateriell tilpassa alle alderstrinn frå barnehage til vidaregåande.
Noko av det viktigaste vi kan lære barn og unge er å ta vare på ressursane vi har. Stiftelsen LOOP har laga ein miljøskule med undervisningsmateriell som er tilpassa læreplanen. Her kan du som jobbar i barnehage eller på skule gå inn og nytte deg av det som er tilpassa ditt alderstrinn. Du kan velge mellom presentasjonar, spel, filmsnuttar, sendingar og andre kjekke måtar for elevar å lære om berekraft.
Velg alderstrinn:
Fiks ferdig skuletime
LOOP Miljøskole har utvikla ferdige undervisningsopplegg saman med fagekspertar. Opplegget er tilpassa elevar på mellomtrinnet eller ungdomsskulen.
Last ned powerpoint og du er klar for klasserommet.