Hopp til hovudinnhald

VI HAR DIN BRANSJE DEKKA

SUM Næring tilbyr løysingar som er tilpassa di verksemd. 

Vi gjer det enkelt

Hos oss får du renovasjon tilpassa din bransje.

Vi ynskjer alltid å møte kunde og finne gode løysingar i lag, det er samarbeid som gjer det beste resultat. Sjå kva vi kan tilby deg og di næring her.

Vis fram kjeldesorteringssystemet dykkar og bli med i trekninga av 25 000 kroner!

18. august startar Gjenvinn og vinn, ein nasjonal konkurranse som Sortere arrangerer i samarbeid med Sirkel og Norsk Metallgjenvinning. Målet er å inspirere fleire til å sortere og få på plass eit system for glas- og metallemballasje på arbeidsplassen.

For å delta treng de berre å ta eit bilete av systemet dykkar for kjeldesortering av glas- og metallemballasje på arbeidsplassen og sende det inn. Systemet treng ikkje vere stort, dyrt eller perfekt. Det viktigaste er at det fungerer i arbeidskvardagen dykkar.

Alle som sender inn bilete av systemet på arbeidsplassen, er med i trekninga av 25 000 kroner. Vi trekkjer to vinnarar, éin frå offentleg sektor og éin frå privat sektor. Premien går til eit velferdstiltak som kjem eit arbeidsfellesskap til gode. Konkurransen er open for bedrifter eller avdelingar med minst 10 tilsette. Fristen for å sende inn bilete er 13. september 2026, og vi deler ut premien i veke 39.

Har de ei smart, enkel, kreativ eller heilt kvardagsleg løysing for glas- og metallemballasje på arbeidsplassen? Då er det berre å bli med!