Hopp til hovudinnhald

SUM på sommarturné – møter folk der dei er!

I sommar er SUM ute på stand fleire stader i regionen for å møte folk der dei er – på festivalar, marknader og lokale arrangement. Målet er enkelt: å spreie kunnskap om sirkulær økonomi og gjere det lettare og kjekkare å sortere rett.

Publisert

Oppstarten vart markert på Kvernsteinsmarknaden i Hyllestad laurdag 6. juni. Her møtte SUM mange nysgjerrige og engasjerte besøkande. – Det var skikkeleg kjekt å vere ute blant folk, og vi fekk mange gode samtalar om både sortering og gjenbruk, fortel teamet. No ser dei fram til resten av sommaren.

Læring gjennom aktivitet

På standen legg SUM vekt på å gjere kunnskap til noko ein kan oppleve og delta i. Eit av dei mest populære innslaga er sorteringskonkurransen, der deltakarane får teste kor godt dei kan sortere ulike typar avfall. Her blir det både utfordringar, mestring og premiar.

"Sorteringskonkurranse er kjekt! Konkurranselysta er stor både hjå stor og små." - Det seier Aron frå kundeteamet.

I tillegg deler SUM ut sorteringsguidar og svarar på spørsmål om kvardagsleg avfallshandtering. Besøkande kan òg få informasjon om SUM sine samarbeidspartnarar og arbeidet som blir gjort for å fremje sirkulære løysingar i regionen.

Eit tilbod for både små og store

Standen er laga for å treffe eit breitt publikum. For dei yngste er konkurransen og små premiar eit trekkplaster, medan vaksne ofte er opptekne av praktiske råd og konkrete løysingar. Med enkle grep viser SUM korleis alle kan bidra til eit meir berekraftig samfunn.

Her møter du SUM i sommar

SUM vil vere til stades på fleire arrangement framover:

  • Jølstraurefest – laurdag 13. juni
  • Førdefestivalen – laurdag 4. juli
  • Skjærgårdstreffet – laurdag 18. juli
  • Teaterfestivalen i Fjaler – laurdag 12. september

(Kvernsteinsmarknaden i Hyllestad er allereie gjennomført.)

Fleire saker

Sjå fleire saker