Hopp til hovudinnhald

Gjenvinn og vinn

Vis fram kjeldesorteringssystemet ditt og vinn  10 000 kroner 

Publisert

18. august starta ei ny runde av Gjenvinn og vinn, ein nasjonal konkurranse som Sortere arrangerer i samarbeid med Sirkel og Norsk Metallgjenvinning. Målet er å inspirere fleire til å sortere og få på plass eit system for glas- og metallemballasje heime.

For å delta treng du berre å ta eit bilete av systemet ditt for kjeldesortering av glas- og metallemballasje og sende det inn. Systemet treng ikkje vere stort, dyrt eller perfekt. Det viktigaste er at det fungerer i kvardagen. Har du ei smart, enkel, kreativ eller heilt kvardagsleg løysing for glas- og metallemballasje? Då er det berre å bli med!

Alle som sender inn bilete av systemet sitt, er med i trekninga av 10 000 kroner. Til saman vert det trekt 15 vinnarar, ein i kvart fylke. Fristen for å sende inn bilete er 13. september 2026, og premien blir delt ut i veke 39.

 

 

Fleire saker

Sjå fleire saker