Plastposar skal ikkje i matavfallsdunken eller dunken for glas- og metall
Matrestar kan bli til drivstoff og gjødsel. Tomme syltetøyglas og hermetikkboksar kan bli til nye produkt. Men plastposar høyrer ikkje heime i matavfallsdunken eller dunken for glas- og metallemballasje. Med rett sortering hjelper du oss å ta vare på ressursane.
Matavfallet ditt blir til biogass og gjødsel på Jæren
Rett sortert matavfall som SUM samlar inn, blir sendt vidare til IVAR sitt biogassanlegg på Grødaland på Jæren. Der blir matrestane brotne ned, og ressursane blir nytta på to måtar:
- Biogass kan brukast som drivstoff, til oppvarming og til produksjon av straum. Når biogass erstattar fossile energikjelder, kan det redusere klimagassutsleppa.
- Biogjødsel fører næringsstoffa tilbake til landbruket, der dei kan bidra til ny matproduksjon.
For at dette skal fungere, må matavfallet vere sortert rett. Ta maten ut av emballasjen og bruk berre papirposane frå SUM. Matrestar pakka i plast kan ikkje leverast vidare som sortert matavfall.
Heller ikkje nedbrytbare plastposar eller bioposar skal i matavfallsdunken. Dei kan setje seg fast i maskinene og skape driftsproblem. Legg heller ikkje ein plastpose rundt papirposen.
Treng du fleire papirposar? Her finn du utleveringsstadene våre. Posane er inkluderte i renovasjonsgebyret.
Glas og metall blir til nye produkt etter sortering i Fredrikstad
Glas- og metallemballasjen frå SUM blir sendt til Sirkel sitt gjenvinningsanlegg på Øra i Fredrikstad. Her blir glas og metall skilde frå kvarandre og klargjorde for vidare gjenvinning:
- Glas blir til nye flasker og glasemballasje, eller til skumglas som blir brukt i bygg og anlegg.
- Stål kan bli til mellom anna armeringsjern.
- Aluminium kan bli til nye produkt, som syklar og bildelar.
Glas kan gjenvinnast om att og om att. Gjenvinning av aluminium krev om lag 95 prosent mindre energi enn produksjon av nytt aluminium frå råvarer. Sorteringa di bidreg dermed til å spare både energi og naturressursar.
Legg emballasjen laust i dunken – utan plastpose rundt. Tøm emballasjen for innhald og skyl ved behov. Samlar du glas og metall i ein plastpose, tømmer du innhaldet i dunken og tek posen med deg att. Berre emballasje av glas og metall skal i denne dunken.
Ein plastpose kan skape mykje ekstraarbeid
Oppdagar renovatøren feilsortering, kan dunken bli ståande utan å bli tømd. Då må innhaldet sorterast rett før det kan hentast.
Ligg plasten under anna avfall, kan feilen vere vanskeleg å oppdage før tømming. Blir han oppdaga etter at matavfallet har hamna i bilen, kan renovatøren måtte avbryte ruta, køyre tilbake og tømme bilen for å få handtert avfallet. Det betyr ekstra køyring, meir arbeid og ein lengre arbeidsdag.
I verste fall kan heile lasset bli avvist som matavfall, også matavfallet frå dei som har sortert rett.
I videoen ser du døme på avfall vi finn i matavfallsdunkane som ikkje høyrer heime der, og som vi ikkje kan sende vidare til behandling som matavfall.
Vi treng alle med på laget
EU-målet for 2035 er at minst 65 prosent av avfallet frå hushald og tilsvarande avfall frå næringslivet skal vere klargjort for ombruk eller materialgjenvunne. Målet gjeld òg Noreg gjennom EØS-avtalen. Innsatsen din heime er ein viktig del av arbeidet med å nå dette målet.
Du treng berre å hugse:
- Matavfall i papirposar frå SUM.
- Glas- og metallemballasje laust i dunken.
- Reine og tørre plastposar i SUM-sekken for plastemballasje.
Bruk gjerne plastposen om att før du kastar han. Takk for at du hjelper oss å gjere avfallet til nye ressursar!
Er du usikker på sorteringa? Sjå sorteringsguiden vår.