SUM lanserer din digitale kundehjelpar: Få svar når det passar deg
No blir det endå enklare å få hjelp frå SUM. På nettsida vår finn du no ein ny digital kundehjelpar som kan svare på mange av dei vanlegaste spørsmåla frå kundane våre, akkurat når det passar deg.
Målet er å gjere det raskare og enklare for deg å finne informasjon, utan at du treng å vente på opningstid eller stå i telefonkø. Den digitale kundehjelparen finn du i bobla "skriv til meg" nederst i høgre hjørne på nettsida vår.
Tilgjengeleg heile døgnet
Den nye chatboten er tilgjengeleg 24 timar i døgnet, 7 dagar i veka. Det betyr at du kan få hjelp når det passar deg, enten du sit ved kjøkkenbordet på kvelden eller treng eit raskt svar i løpet av arbeidsdagen.
Kva kan den digitale kundehjelparen hjelpe deg med?
Den digitale kundehjelparen er trena på informasjon frå SUM og kan svare på ei rekke spørsmål knytt til renovasjon og avfallshandtering. Til dømes kan du få hjelp med:
Sortering og gjenvinning
- Kor skal eg kaste ein bestemt type avfall?
- Kvar finn eg næraste miljøstasjon eller gjenvinningsstasjon?
- Korleis sorterer eg farleg avfall?
Dunk og utstyr
- Kva dunk kan eg bestille?
- Korleis byter eg ein skadd dunk?
- Kva utstyr tilbyr SUM?
Tømming og renovasjon
- Når blir dunken tømd?
- Kva gjer eg dersom dunken ikkje vart tømd?
- Kvifor vart avfallet ikkje henta?
Fakturering og betaling
- Korleis fungerer renovasjonsgebyret?
- Kvar finn eg fakturaen min?
- Kva gjer eg dersom eg har spørsmål om betaling?
Abonnement og tenester
- Kva tenester tilbyr SUM?
- Korleis melder eg endringar?
- Kva ordningar gjeld for fritidsbustader?
Bedrift og container
- Informasjon om containerløysingar
- Avfallsløysingar for næringskundar
- Levering av ulike typar avfall
Treng du meir hjelp?
Sjølv om chatboten kan svare på mykje, finst det spørsmål som krev personleg oppfølging. Dersom chatboten ikkje finn svaret du leitar etter, kan du leggje igjen kontaktinformasjonen din. Då blir saka sendt vidare til ein av våre kunderådgjevarar, som tek kontakt med deg.
Prøv den digitale kundehjelparen neste gong du har eit spørsmål til SUM. Kanskje får du svaret på berre nokre få sekund!