Hopp til hovudinnhald

Dine gjenvinningsstasjonar

Enten du er privatkunde eller næringskunde kan du levere avfall hos oss. Vi har til saman seks gjenvinningsstasjonar, og du kan sjølv velje kva stasjon du vil levere avfallet ditt på. 

Bilde av to gjenvinningsoperatørar på Einestølen gjenvinningsstasjon.
Foto: Photoevent

Prisar:

Prisliste på gjenvinningsstasjonane for hushaldning
Type køyretøy Pris (ink. mva)
Bil, mindre køyretøy eller gåande kr 150
Bil med hengar kr 350
Varebil ¹ kr 350
Varebil med hengar kr 400
Traktor kr 800

Du kan betale med vipps, kort eller kontant.

¹ Varebil: Vi tar utgangspunkt i kva bilen er registrert som hos Statens Vegvesen. 
Du kan sjekke køyretøyopplysningane i vognkortet eller på Statens Vegvesen si eiga heimeside. Sjå køretøyopplysningar her.

Merk at om ei næring er involvert i avfallet, for eksempel innleigd for transportering av avfallet, vil avfallet sjåast som næringsavfall. 
Pris er då avhengig av vekt, og farleg avfall må deklarerast.

 

Gebyrfrie avfallstypar

Her ser du kva du kan levere til gjenvinningsstasjonane våre, utan gebyr.

Dersom du kjem med eit køyretøy som berre inneheld desse avfallstypane, betalar du ingenting. 

Merk at dersom du leverer noko som er betalingspliktig, sjølv ein liten ting, gjeld alltid same pris for køyretøyet ditt, uavhengig av mengde.

Gebyrfrie avfallstypar
Avfallstype Eksempel:
Metall Sykklar, kasserollar, spikar
Hageavfall Blomar, kvistar, gras, buskar, tuja
EE-avfall Mobiltelefonar, batteri, kvitevarer, lampar
Farleg avfall Sprayboksar, malingsspann, drivstoff, kjemikaliar
Plastemballasje (mjuk plast) Rein plastemballasje, vaska blomepotter
Glas- og metallemballasje Syltetøyglas, hermetikkboksar, glasflasker
Papp og papir Aviser, pocketbøker, papp og papir

Sorteringsguide

Korleis kastar eg riktig?

Har du noko du skal kaste, men veit ikkje kor det skal? Søk her!