Hopp til hovudinnhald

Dette kan du ikkje levere

Få oversikt over kva du ikkje kan levere til våre gjenvinningsstasjonar. Ta gjerne kontakt med oss dersom det er noko du er usikker på.

Bilvrak

Det er viktig å levere gamle bilar, både fossile og elektriske, til godkjente mottakstader for bilvrak. Der vert delane gjenbrukt eller resirkulert for å redusere miljøpåverknaden.

Dekk utan felg

Vi tek ikkje i mot dekk utan felg, verken frå bil eller traktor. Men sykkeldekk kan du gjerne levere hos oss. Ta kontakt med ein dekkforhandlar for å få hjelp til å bli kvitt dei gamle dekkane dine.

Eksplosjonsfarleg avfall

Avfall som utgjer ein fare for eksplosjon, for eksempel ammunisjon, eksplosivar og udetonert fyrverki, kan du levere til butikkar, produsentar eller importørar som sel same type eksplosivar. Er du usikker kan du ta kontakt med politiet på 02800.

Radioaktivt avfall

Radioaktivt avfall må handterast forsvarleg i tråd med forureiningsregelverket, og kan kun leverast til verksemder som har tillatelse til å ta imot denne typen avfall. 

Apotekarvarer

Medisin vert rekna som spesialavfall og må destruerast på ein forsvarleg måte. Du kan levere dine gamle eller ubrukte medsinar på ditt nærmaste apotek.

Sorteringsguide

Korleis kastar eg riktig?

Har du noko du skal kaste, men veit ikkje kor det skal? Søk her!