Gaular gjenvinningsstasjon - Sande
Stengt. Open onsdag 12:00 – 18:00
Opningstider
- måndag
- Stengt
- tysdag
- Stengt
- onsdag
- 12:00 - 18:00
- torsdag
- Stengt
- fredag
- Stengt
- laurdag
- Stengt
- søndag
- Stengt
E-post
post@sum.sf.no
Velkommen til oss! Her kan du som privatkunde eller næringskunde levere avfall. Ikkje nøl med å ta kontakt dersom det er noko du lurer på.
Prisliste på gjenvinningsstasjonane for hushaldning
| Type køyretøy | Pris (ink. mva) |
|---|---|
| Bil, mindre køyretøy eller gåande | kr 150 |
| Bil med hengar | kr 350 |
| Varebil ¹ | kr 350 |
| Varebil med hengar | kr 400 |
| Traktor | kr 800 |
Du kan betale med vipps, kort eller kontant.
¹ Varebil: Vi tar utgangspunkt i kva bilen er registrert som hos Statens Vegvesen.
Du kan sjekke køyretøyopplysningane i vognkortet eller på Statens Vegvesen si eiga heimeside. Sjå køretøyopplysningar her.
Merk at om ei næring er involvert i avfallet, for eksempel innleigd for transportering av avfallet, vil avfallet sjåast som næringsavfall.
Pris er då avhengig av vekt, og farleg avfall må deklarerast.
Gebyrfrie avfallstypar
Her ser du kva du kan levere til gjenvinningsstasjonane våre, utan gebyr.
Dersom du kjem med eit køyretøy som berre inneheld desse avfallstypane, betalar du ingenting.
Merk at dersom du leverer noko som er betalingspliktig, sjølv ein liten ting, gjeld alltid same pris for køyretøyet ditt, uavhengig av mengde.
| Avfallstype | Eksempel: |
|---|---|
| Metall | Sykklar, kasserollar, spikar |
| Hageavfall | Blomar, kvistar, gras, buskar, tuja |
| EE-avfall | Mobiltelefonar, batteri, kvitevarer, lampar |
| Farleg avfall | Sprayboksar, malingsspann, drivstoff, kjemikaliar |
| Plastemballasje (mjuk plast) | Rein plastemballasje, vaska blomepotter |
| Glas- og metallemballasje | Syltetøyglas, hermetikkboksar, glasflasker |
| Papp og papir | Aviser, pocketbøker, papp og papir |
Planlegg besøket ditt
Det er lurt å sortere på heimebane. Då er mykje av jobben gjort før du kjem på gjenvinningsstasjonen.
-
1
Det meste kan få nytt liv
Sjå i sorteringsguiden dersom du er usikker på kva som skal kor. Det meste du leverer kan vi bruke på nytt igjen - enten som det er, eller som noko anna.
-
2Sorter i gjennomsiktige plastsekkar
For å sikre riktig sortering, vil vi sjå det du leverer inn. Dersom du kjem med mørke sekkar, vil vi be deg om å opne opp og flytte over i ein gjennomsiktig sekk. Ikkje bruk SUM-sekk til plastsortering til dette formålet.
-
3Batteri er brannfarleg!
Det er viktig å få sortere ut batteri og anna farleg avfall. Det kan føre til brann hos oss.
-
4Vi må berre spørre!
Spør oss! Vi er på plass for å hjelpe deg. Gjenvinningsoperatørane våre er faktisk pålagt å spør om kva du har med deg. Dette er for å sikre riktig sortering.
Slik handterer du farleg avfall
Enkelte avfallstyper bør du vere ekstra forsiktig med. Bli tryggare på korleis du skal handtere det. Vi er sjølvsagt tilgjengeleg på telefon eller på gjenvinningsstasjonane for å hjelpe deg.
Vis omsyn!
- Barn og dyr bør sitte i bilen under opphaldet på gjenvinningsstasjonen.
- Fartsgrensa er 15 km/t på heile området.
- Det er forbudt å ta med seg elektrisk avfall som har vore kasta.
- Det er ikkje lov å gå rundt på andre områder enn på gjenvinningsstasjonen med mindre anna er avtala med ein av operatørane.

Båtvrak (for privatpersonar)
Du kan levere båtvrak med skroglengde på inntil 15 fot (4,57 meter) på alle gjenvinningsstasjonane våre. Båten må vere utan motor, fri for olje, drivstoff, batteri og elektriske komponentar.
Som privatperson kan du søke om tilskot på 1000 kroner frå staten. Bakgrunnen for ordninga er å få fleire til å levere inn båtvrak, slik at ein kan sikre forsvarleg behandling, og meir kan gå til materialgjenvinning. Ordninga gjeld også seglbrett, kano, gummibåt med skrog og liknande.
Hugs å få signatur frå gjenvinningsoperatøren når du leverer båten.

Avfallsdeklarasjon for næringskundar
Bedrifter som skal levere avfall som er klassifisert som farleg eller radioaktivt, må fylle ut eit deklarasjonsskjema før dei kjem på gjenvinningsstasjonen. Dette er nasjonale reglar og nødvendig for å ha kontroll på kva som finst av farleg avfall og kven som tek hand om det.

Sorteringsguide
Korleis kastar eg riktig?
Har du noko du skal kaste, men veit ikkje kor det skal? Søk her!