Det viktigaste avfallet du kan sortere
Farleg avfall er avfall om inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Dette avfallet blir handtert slik at miljøgifter ikkje lekk ut i naturen og skadar menneske, dyr og miljø.
Batteri
I snitt er det brann i eit norsk gjenvinningsanlegg kvar einaste dag, og 80 % av tilfella er grunna feilsorterte batteri. Derfor er det viktig at du ikkje leverer batteri saman med restavfallet ditt, men leverer dei til gjenvinning. I løpet av 2025 vil starte innsamling av batteri på ordinær tømmerute. Større og skadde batteri kan du levere på eit av våre gjenvinningsstasjonar eller ein stad der du får kjøpt batter.

Sprayboksar
Spraybokser skal alltid i farleg avfall. Dette er fordi dei kan eksplodere, starte brann og spreie miljøgifter. Dette gjeld alt frå hårspray til Kremtopp frå Tine. Det er ikkje alle som er merka som farleg avfall, men vi ønsker likevel at alt blir sortert ut av restavfallet og levert inn som farleg avfall.

Asbest
Asbest er svært helseskadeleg. Tidlegare vart asbest mykje brukt i byggemateriale, isolasjon, takplater, golvbelegg og bremsebelegg, men er no i stor grad erstatta av tryggare materialar på grunn av helserisikoen. Asbeststøv kan føre til redusert lungekapasitet og lungekreft. Er du usikker eller treng hjelp, ta kontakt med oss for råd om korleis du skal handtere det.

Malingsspann
Alle malingrestar skal du sortere som farleg avfall, enten det er tokomponent, olje- eller vannbasert. Malingsspann i metall, både med og utan restar, kan du levere på gjenvinningsstasjon. Sjølv om dei er tomme og tørre kan dei ikkje gjenvinnast saman med anna glass- og metallemballasje, Malingsspann av plast, som er heilt tomme, kan du levere sammen med plastemballasje.

Brannslukningsapparat
Alle typar brannslukningsapparat vert klassifisert som farleg avfall då dette er behaldarar med gass under trykk. Du leverer desse på gjenvinningsstasjon, uavhengig av om det er brukt eller ubrukt.

Sorteringsguide
Korleis kastar eg riktig?
Har du noko du skal kaste, men veit ikkje kor det skal? Søk her!