Hopp til hovudinnhald

No blir restavfallet ditt energi i Sverige

Norsk Gjenvinning Downstream vann anbodet om restavfallet til SUM, og skal frå 1. oktober ta over handsaminga av avfallet i samarbeid med Espeland Transport og Nevel Åmotfors.  

Publisert
Hjullastar køyrer med frontskuffe full i avfall inne i ein sorteringshall.
Foto: Photoevent

– Vi forstår godt at folk kan stille spørsmål ved kor miljøvenleg det er å frakte avfall så langt. Men vinnaren av anbodskonkurransen scora klart best på pris og miljø, og hadde totalt sett det beste tilbodet,  seier Tore Dvergsdal, som er dagleg leiar i SUM. 

SUM er eit interkommunalt selskap og har plikt til å gjennomføre offentlege anbodsprosessar. Det betyr at alle større avtalar om avfallshandtering må leggjast ut på anbod, slik at fleire aktørar kan konkurrere på pris, kvalitet og miljø. 

Høg energiutnytting i Sverige 

Restavfallet blir sendt til varmekraftverket i Åmotfors i Eda kommune, eigd av selskapet Nevel. Her blir hushalds- og industrirestavfall brukt som energikjelde til produksjon av varme og elektrisitet. I dag blir det forbrent rundt 70 000 tonn avfall årleg, tilsvarande energiforbruket til om lag 11 000 hushaldningar. 

– Målet til Nevel Åmotfors er alltid å få mest mogleg energi ut av avfallet, og det gjer oss trygge på å sende restavfallet dit, seier Dvergsdal. 

Selskapet har også system som gir SUM full oversikt og detaljert rapportering på avfallet, noko som gjer rapporteringsarbeidet enklare. 

Transport og miljø 

Espeland Transport skal stå for frakta frå Sunnfjord til Sverige. Selskapet har over 35 års erfaring med godstransport og har vore Miljøfyrtårn-sertifisert sidan 2020. 

– Ideelt sett skulle vi gjerne sett fleire alternativ til diesel, men teknologien er ikkje heilt på plass enno. Likevel om det er lengre distanse å frakte restavfallet, vil miljøgevinsten vere stor, sidan dei har svært høg energiutnytting ved anlegget vi no skal sende restavfallet til, forklarer Dvergsdal. 

Frå Bergen til Åmotfors

Dei siste åra har SUM hatt avtale med BIR, og restavfallet har blitt sendt til Rådalen i Bergen. Der blei det brent i forbrenningsanlegget og nytta til å varme opp mellom anna Haukeland sjukehus. Den avtalen blir ikkje vidareført. 

– Vi er pliktige til å gjennomføre offentlege anbodsprosessar. Denne gongen var det to aktørar som leverte tilbod, og BIR var ikkje ein av dei. Det kan likevel vere verdt å nemne at mottak- og forbrenningsanlegget i Rådalen var med i tilbodet som Geminor leverte, informerer Dvergsdal.  

Kostnadseffektiv avtale


Endringa av aktør får ingen negative konsekvensar for kundane. Tilbodet frå Norsk Gjenvinning Downstream hadde det beste forholdet mellom pris, kvalitet og miljø, og ligg vesentleg lågare i pris enn dei andre tilboda i konkurransen. 

– Med denne avtalen har vi sikra ei løysing som er både kostnadseffektiv og miljømessig sterk, seier Dvergsdal. 

SUM ser òg ein gledeleg nedgang i mengda restavfall. I fjor blei det levert rundt 6500 tonn, medan prognosane for 2025 tilseier under 5000 tonn. 

– Det er gode nyheiter for kundane, sidan restavfall er dyrt å handsame på grunn av CO₂-avgifta vi har har i Norge. Jo flinkare vi er til å sortere, jo mindre restavfall blir det, forklarar han.  

Slik var vektinga fordelt i konkurransen:  

  • Pris: 55 %
  • Kvalitet: 15 % 
  • Klima og miljø: 30 %   
    • Fossilt drivstoff ved transport 5% 
    • Garantert energiutnytting ved sluttbehandling 25 %   


 

Fleire saker

Sjå fleire saker