Hopp til hovudinnhald

Slik sorterer du klede og tekstilar

Frå 1. januar 2025 skal tekstilar sorterast for gjenbruk og resirkulering. Slik unngår vi at verdifulle ressursar endar i restavfallet.

Publisert
Bilde av tekstiler.
Foto: Eric Prouzet på Unsplash

Brukbare tekstilar

Har du klede eller andre tekstilar som framleis kan brukast? Lever dei til ein gjenbruksbutikk eller i eitt av tekstiltårna til leverandørar som samlar inn tekstilar. Slik bidreg du til at ressursane blir nytta om att og reduserer behovet for ny produksjon.
Vi har avtale med Fretex og Fileks, og det er sett ut konteinarar på alle gjenvinningsstasjonane våre.

Øydelagde tekstilar

Utslitne klede, sengetøy eller stoffrestar som ikkje kan brukast om att, leverer du i eigne konteinarar for øydelagde tekstilar på gjenvinningsstasjonane.
Fileks, som vi har avtale med, går gjennom tekstilane og plukkar ut det som framleis har verdi. På den måten sikrar vi at minst mogleg går til forbrenning.

Kva reknast som øydelagt?

Tekstilar som er holete, utslitne, har flekkar som ikkje kan fjernast, eller på andre måtar ikkje eignar seg til gjenbruk, leverer du som øydelagde tekstilar.

  • Klede eller tekstilar med malingsflekkar som ikkje kan fjernast → restavfall.
  • Tekstilar brukt til kjemikaliar, smittefarleg eller anna farleg avfall → leverast som farleg avfall.
  • Øydelagde sko → restavfall.

Tørt og reint

Alle tekstilar skal vere reine og tørre, og leverast i ein samanknytt pose – både brukbare og øydelagde.
Hugs at eit plagg ikkje nødvendigvis er øydelagt sjølv om det manglar ein knapp, har eit lite hol eller ein diskret flekk. Er det enkelt å reparere, leverer du det som brukbart saman med andre klede og tekstilar. Dette gjeld òg for brukbare sko.

Fleire saker

Sjå fleire saker