SUM får gode tilbakemeldingar i forvaltningsrevisjon
Forvaltningsrevisjonen av Sunnfjord Miljøverk IKS er no gjennomført, og resultatet viser at selskapet har god kontroll på økonomien, følgjer regelverket og har solide rutinar for dialog med eigarkommunane.
Rapporten, som er utført på oppdrag frå Askvoll kommune, ser nærare på tre hovudområde:
- Utrekning av gebyr – om praksis og dokumentasjon er i samsvar med sjølvkostreglane
- Kryssubsidiering – om selskapet sikrar at hushaldnings- og næringsverksemd er klart skilde
- Informasjon til eigarane – korleis SUM legg til rette for open og god dialog
Klare svar og god dokumentasjon
Revisjonen konkluderer med at SUM dokumenterer godt at sjølvkostreglane vert følgde både i budsjett og etterkalkyle. Det betyr at hushaldningskundane betaler nøyaktig det tenesta kostar – ikkje meir.
Vidare viser rapporten at selskapet har tydelege skilje mellom hushaldnings- og næringsverksemd. Gjennom separate kalkylar, rutinar for rekneskapsføring og dokumenterte fordelingsnøklar sikrar SUM at det ikkje skjer ulovleg kryssubsidiering.
Tett kontakt med eigarkommunane
Selskapet har òg gode rutinar for samhandling med eigarkommunane, mellom anna gjennom faste møte, skriftleg rapportering og høyringar ved større endringar.
Dagleg leiar Tore Dvergsdal uttrykkjer glede over konklusjonane:
– Det er viktig for oss å ha openheit og tillit, både overfor eigarkommunane og abonnentane. Revisjonen viser at vi har systema og praksisen på plass for å sikre nettopp det.