Hopp til hovudinnhald

For burettslag og sameige

Sameige og burettslag vel ofte ei felles renovasjonsløysning for sine bebuarar. Dette kan vere i form av moderne avfallsløysning, eller større hjulbehaldarar på samlepunkt. 

Avfallsbeholdere i skuff.
Foto: Herman Ekendahl for Loop

Felles renovasjonsløysning

For burettslag og sameige kan separate dunkar til kvar enkelt husstand vere upraktisk og ta mykje plass. Derfor er det ofte best å ha ei felles løysing for avfallet. Det er mogleg å bruke dei største plastdunkane på 660 liter til slike fellesløysingar, eller etablere ei nedgravd løysning som er framtidsretta og brukarvenneleg. 

Moderne avfallsløysning

Nedgravde konteinere er ein framtidsretta og brukarvennleg løsying for oppsamling av avfall. Stadig fleire bustadområder satsar på denne type avfallsordning. Dette er lukka anlegg som erstatta tradisjonelle dunkar. Dei ser ryddige og fine ut, og hindrar sjenerande lukt og skadedyr. Anlegga er også brannsikre og universelt utforma. Dette er moderne løysingar som kan nyttast i både nye og eksisterande bustadfelt, sameiger og burettslag. 

Ulike typar konteinarar:

  • Nedgravd kontainar med tilgangskontroll
  • Semi-nedgravd kontainar
  • Bakkemontert/frittståande konteinar

Dele større dunkar

Ei enkel løysning for burettslag og sameige er å dele store 660 liters behaldarar på hjul. Desse føl normal tømmerute for sitt område, og må bli sett fram på oppstillingsplass seinast kl. 07:00 på tømmedag. Vi reknar normalt sett 5-6 bueiningar pr. 660 liters dunk. 

Tømmefrekvens:

  • Papir/papp og plast - kvar 4. veke
  • Matavfall - kvar 2. veke
  • Restavfall - kvar 2. veke

Prisliste - moderne avfallsløysning med tilgangskontroll

Gjeldande frå 1. januar 2025.

Årspris - Nedgravd løysing
Varenamn Pris(inkl. mva) Eining
Grunnpris kr 5 880 Stk.
Service og vedlikehald fellesanlegg kr 200 Stk.

Prislista over gjeld for dei abonnentar i sameige/burettslag som brukar chip-brikke til å åpne luke.

Prisliste - burettslag/sameige som delar større dunkar

Gjeldande frå 1. januar 2025.

Årspris - Fastpris ved felles dunkar
Varenamn Pris (inkl. mva) Eining
Fastpris - pr. bueining kr 5 880 Stk.

Prislista over gjeld for dei abonnentar i sameige/burettslag som ikkje brukar chip-brikke til å åpne avfallsluke.

For deg som har nedgravd løysing 

Du må ha ei elektronisk brikke for å få tilgang til dei nedgravde løysingane. Brikka høyrer til din bustad (leiligheitsnummer). Slik får du full oversikt over kor mange gonger du opnar luka. Konteinarane er merka med avfallstype. Brikkene følger gards- og bruksnummer. 

Har du mista brikka di? Send ein e-post til post@sum.sf.no eller ring tel:57 72 41 50