Hopp til hovudinnhald

For studentar

God sortering krev ikkje mykje plass. Med smarte løysingar og gode vanar kan du enkelt få plass til dei viktigaste avfallstypane på studenthybelen.

Ung mann sorterer glass- og metallemballasje på returpunkt
Foto: Johnny Syversen/Loop

Sortering startar på kjøkkenbenken

Alt for mykje hamnar i restavfallet. Dersom du har ei eiga korg for matavfall, ein pose for plast og ein plass å oppbevare papp- og papir, er du langt på veg for å hindre at alt går i samme dunk.  Utstyret du treng er gratis, og vi har gjort det så tilgjengeleg som mogleg for deg.

For deg som bur på studentheim

Matavfall. Våtorganisk.

Kontakt vaktmesteren din om du har behov for

  • Papirposar til sortering av matavfall 
  • Korg til sortering av matavfall
  • Posar til plastsortering
  • Nøkkel til nedgravd conteiner

For deg som leiger privat

Sortert matavfall

Det er huseigar som har ansvar for renovasjonsavtalen din. Du kan likevel skaffe deg det du har behov for, ved å ta ein tur innom utvalte butikkar. Der har vi plassert ut papirposar til sortering av matavfall og sekkar til plastsortering. 

Visste du at du kan levere lyspærer og batteri i dei fleste matvarebutikkar? 

Ofte stilte spørsmål

Kor får eg tak i plastsekkar til sortering av plast?

Dei er plassert på same plass som papirposane til matavfall. 

Sjå lista her: 

Matavfallsposar

Eg bur i privat hus/leiligheit. Kor får eg tak i matavfallsposar?

Det får du tak i hos fleire matbutikkar rundt om kring i eigarkommunane våre. 

Sjå lista her:

Matavfallsposar

Eg bur i studenthus hos SAMAN. Kor får eg tak i matavfallsposar?

Ta kontakt med vaktmeisteren. Vi leverer både matavfallsposar, plastsekkar og elektronisk nøkkelbrikke til å opne nedgravd conteiner til han, så deler han ut til studentane.  Ta også kontakt med han dersom du har mista nøkkelbrikka di. 

Sorteringsguide

Korleis kastar eg riktig?

Har du noko du skal kaste, men veit ikkje kor det skal? Søk her!

Bur du i ein bustad som er tilknytta nedgravde conteinere?

Du treng ikkje tenke på når dei nedgravde conteinerane blir tømt, det tek vi oss av. Faktisk har vi montert nivåmålar i alle conteinerane, så vi får varsel når dei er over halvfulle. Ganske kult. 

Konteinarane er merka med sorteringsmerker. Vi ber om at de ser nøye på dette for å unngå å kaste feil. 

Du må ha elektronisk nøkkelbrikke for å kunne opne luka på conteineren. Det får du av huseigar, utleigar eller vaktmester. 

Tømmekalender

Sjå når vi tømmer dunken din

Her kan du finne tømmekalender for 2026 - Gjer eit adressesøk for å finne hentedagen din, eller last ned SUM-appen på mobiltelefonen din