Plukkanalyse 2025
Myndigheitene har innført krav om utsortering av enkelte avfallstypar. Plast, papp- og papiravfall, samt glas- og metallemballasje har fått nye krav frå 2028. Matavfall har allereie fått eit krav om 55% utsortering frå 2025. For å dokumentere om krava blir nådde, skal det gjennomførast plukkanalysar.
Ei plukkanalyse er ei manuell sortering av ein avfallsstraum, der ein kartlegg kva restavfallet faktisk består av. Hausten 2025 gjennomførte Mepex Consult, i samarbeid med SUM, ei slik analyse. Det overordna målet med analysen var å dokumentere korleis SUM ligg an i høve til gjeldande og kommande målkrav, særleg med vekt på matavfall.
Plukkanalysen gir og viktig kunnskap om sorteringsvaner i hushalda, og peikar på vanlege feil, utfordringar, og områder med forbetringspotensiale. Denne kunnskapen gir SUM eit godt grunnlag for vidare arbeid med informasjon og rettleiing til innbyggarane.
Korleis ligg vi an i SUM?
Plukkanalyse frå 2025 viser at SUM er på rett veg, men at vi enno ikkje er i mål med krava som gjeld no, og dei som kjem.
For matavfall, som har eit krav på minst 55% utsortering frå 2025, viser analysen at vi i dag har ein utsorteringsgrad på 50,7%, rekna utan tørkepapir. Dette betyr at ein betydeleg del av matavfall framleis blir sortert som restavfall.
Samtidig ser vi ei positiv utvikling samanlikna med tidlegare år. Mengda matavfall som blir sortert ut har auka mykje frå 2024 til 2025, som tyder på at fleire har teke i bruk matavfallsbehaldaren. Erfaringar frå andre kommunar viser at det ofte tek tid før nye sorteringsordningar blir godt innarbeidde, og utviklinga i SUM sitt område peikar i rett retning.
Korleis ligg vi an i forhald til resten av Noreg:
Samanlikna med erfaringstal frå andre kommunar ligg SUM omtrent på same nivå som mange andre kommunar som nyleg har innført sortering av matavfall. Det er vanleg at utsorteringsgraden ligg noko under kravet dei første åra, før den aukar etter kvart som ordninga blir meir kjent og brukt i kvardagen.
For plast ligg SUM rundt det som er normalt på landsbasis. Dette viser at mykje plast framleis hamnar i restavfallet, men også at situasjonen er samanliknbar med mange andre kommunar. For papp- og papiravfall er utsorteringsgraden allereie høg, og SUM nærmar seg kravet som gjeld frå 2028.
For glas- og metallemballasje er det framleis eit tydleg forbetringspotensiale. Samstundes er det venta at utsorteringsgraden vil auke når henteordninga for glas- og metallemballasje blir fullt innført i heile SUM-området.
Skal vi klare å nå 65% målet, er vi avhengige av ein felles innsats. Plukkanalysen viser at mykje av det som i dag hamnar i restavfallet eigentleg kan sorterast. Særleg matavfall, plast, og glas- og metallemballasje har stort forbetringspotensiale.
Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord er ulike kommunar, men vi delar dei same utfordringane, og dei same moglegheitene. Når kvar husstand gjer litt meir i kvardagen, gir det stor effekt samla sett. 65% målet er ikkje noko SUM kan nå åleine, men noko vi berre kan få til i lag, på tvers av heile regionen.