- → SUM
- → Sorteringsguide
- → Papp
Papp
Greit å vite
Brett pappen saman slik at det tar minst mogleg plass i behalderen.
Papp er emballasje som blir brukt til innpakning av alt frå møbler, kvitevarer og matvarar, til flytteesker.
To lag papir er limt på kvar side av eit bølga papir, difor blir pappen ofte kalla for bølgepapp.
Slik gjer du det
Har du store mengder papp, leverer du det til næraste gjenvinningsstasjon.
- Fjern plast, isopor, matrestar og andre materialar frå pappen.
- Brett pappen godt saman. Da tar den mindre plass og du får meir plass i dunken.
- Sortér.
Ja takk
- Transportemballasje
- Flytteesker
- Vinkartong i papp
- Pappeske
Nei takk
- Tilgriset emballasje
- Våt bølgepapp
Dette lurer mange på
Kva gjer eg med tape og stiftar på pappeskene?
Ta gjerne bort den tapen du kan før sortering, da blir gjenvinninga enda meir effektiv. Stiftane treng du ikkje ta bort. Ta bort isopor, plast, matrestar og andre materialar før du sorterer.
Kva gjer eg med pappesker med metallkantar?
Ta bort metallkantane før du sorterer pappen. Om dei ikkje er mogleg å ta bort, kastar du eska i restavfall eller leverer den til gjenvinningsstasjonen.
Kva gjer eg med våt papp?
Våt papp kastar du i restavfallet.
Våt papp reduserer papirkvaliteten og skaper problem i gjenvinninga. Jo lenger pappen er våt, jo meir slites papirfibrane ut og gir risiko for bakterieoppblomstring. Oppbevar pappen inne fram til henting, så unngår du at pappen blir våt av regn dersom du ikkje har eigen dunk.
Kva gjer eg med pappesker det har vore mat i?
Ta bort alle matrestar frå pappeska før du sorterer den. Om du skal sortere for eksempel ein pizzaeske, kastar du underlaget til pizzaen i restavfallet, og sorterer pappeska. Dersom det er mykje matrestar og feitt du ikkje får bort frå pappeska, er det betre at du kastar denne i restavfallet. Papp med matrestar gir risiko for bakterieoppblomstring, reduserer papirkvaliteten og skaper problem i gjenvinninga.
Data er hentet frå
Sortere.no
Sorteringsguide
Korleis kastar eg riktig?
Har du noko du skal kaste, men veit ikkje kor det skal? Søk her!