- → SUM
- → Sorteringsguide
- → Glasemballasje
Glasemballasje
Glasemballasje er emballasje av glas det har vore mat, drikke eller andre hushaldningsvarer i. Glasemballasjen er klar for sortering når den er tom for restar.
Knuselig produkt av glas, steintøy, porselen og keramikk, sorterer du ikkje saman med glasemballasjen. Desse har ein annan samansetning og kan øydelegge for gjenvinninga av glasemballasjen. Produkt av glas, porselen og keramikk som er øydelagt, kastar du i restavfallet. Brukbare produkt kan du gje vekk eller selge.
Glasemballasje er ypperlig til gjenbruk, du kan for eksempel bruke glasene til:* Å ta vare på mat, som krydder, matrestar, heimelaga syltetøy eller sausar.
Å fryse ned mat og matrestar
Praktisk oppbevaring, som å samle gamle batteri, ekstra knappar eller for å ha blyanter på pulten
Slik gjer du det
Glasemballasjen skal vere tom når ein sorterer den.
- Glasemballasjen er klar for sortering når den er tom for restar. Tøm ut restar og skylj emballasjen i kaldt vatn. Om restane er vanskelege å få ut kan du la emballasjen stå i vasken i kaldt vatn eller vatn frå oppvasken. Du kan også bruke litt tørkepapir for å få bort restar.
- Rist emballasjen tørr.
- Sorter og legg laust i beholder/container.
Ja takk
- Syltetøyglas
- Glasflaske
- Hudkremkrukke i glas
- Medisinglas utan medisinrestar
Nei takk
- Knust kopp
- Krystallglass
- Porselensprodukt
- Keramikk
- Speil
- Kaffikanne
Dette lurer mange på
Kva gjer eg med glasemballasje med mykje matrestar?
Glasemballasje med mykje restar som du ikke får bort kastar du i restavfallet.
Om det kun er eit tynt fettlag igjen, sorterer du som glasemballasje. Er det mykje matrester igjen, som det ofte kan bli i eit peanøttsmørglas, fyll med litt vatn, skru på loket og rist før du tømmer den for innhald. La det gjerne stå litt i vatn først.
Kan eg sortere andre knuselege produkt som glasemballasje?
Produkt av glas, som drikkeglas, kopper og speil sorterer du ikkje saman med glasemballasjen. Pakk dei godt inn og kast i restavfallet, eller lever dei til gjenvinningsstasjon. Store gjenstander, som vindusruter, leveres til gjenvinningsstasjonen.
Desse produkta kan ha ein annen samansetning enn glasemballasjen og øydelegg for gjenvinninga av glasemballasjen.
Må eg ta av etiketten på glasemballasjen?
Du kan la etiketten vere på glasemballasjen når du sorterer den. Emballasjen blir tørrvaska gjennom ein varmluftprosess når dei kjem til gjenvinningsanlegget. Dette gjer at limet løsnar og etikettene fell av.
Kva gjer eg med loket på glasemballasjen?
Du treng ikkje sette loket tilbake på emballasjen etter du har skylt glasemballasjen. Det er lettere for maskinene å skilje metall og glas på gjennvinningsanlegget når loket ikkje er påskrudd.
Lenkjer:
Slik får du syltetøyglas (og andre matglas) tomme nok
Data er hentet frå
Sortere.no
Sorteringsguide
Korleis kastar eg riktig?
Har du noko du skal kaste, men veit ikkje kor det skal? Søk her!