Plastemballasje
Greit å vite
Plastemballasjen er klar for sortering når det ikkje er matrestar eller andre produktrestar igjen.
Plastemballasje er den plasten som matvarer og andre produkt er pakka inn i. Den viktigaste oppgåva til plastemballasjen er å beskytte varen, så den kjem seg heilskinna frå produsenten til handlenetta og heima våre.
Produkt i plast sorterer du ikkje saman med plastemballasje. Kjøper du for eksempel ein tannbørste i plast, sorterer du innpakninga som plastemballasje og/eller papir, avhengig av kva for eit materiale den er laga av. Sjølve tannbørsten kastar du i restavfallet. Større produkt i plast, som øydelagdehagemøblar, leverer du til din næraste gjenvinningsstasjon.
Slik gjer du det
Plastemballasje er klar for sortering når den er tom for restar. Ei tom påleggspakke for eksempel, er klar for sortering når den er tom for påleggsrestar (et tynt feittlag går greit). Eit rømmebeger skyl du før sortering.
- Matrestar som ikkje kan etes, sorterer du som matavfall.
- Skyl emballasjen i kaldt vatn og hjelp til med oppvaskbørsten om det er nødvendig. Flasker kan du fylle med vatn og riste.
- Rist emballasjen drypptørr, eller la den tørke litt. Mykje vatn med emballasjen kan gjere at det dannar seg mugg, i tillegg til at unødvendig mykje vatn blir transportert.
- Sortér.
Ja takk
- Fisk - og kjøttvareinnpakning i plast
- Berepose i plast
- Sjampoflaske
- Druebeger
- Isboks
- Bobleplast
Nei takk
- Tilgriset emballasje
- Plastprodukter
- Vedsekk
- Blandingsemballasje
Dette lurer mange på
Kva gjer eg med samansett emballasje?
Emballasje som er satt saman av ulike materialar, som plast og papir eller plast og aluminium, kan ikkje gjenvinnes saman med plastemballasjen. Er det enkelt å skilje materialane frå kvarandre, for eksempel papiret og plasten frå ein brødpose, kan du sortere papiret og plasten kvar for seg. Er det vanskeleg å skilje materialane frå kvarandre, for eksempel ein chipspose, kastar du emballasjen i restavfallet.
Kva gjer eg med cellofan?
Cellofan og plast kan likne på kvarandre. Prøv vritesten for å finne ut om den knitrete, blanke folien er det eine eller det andre. Opnar folien seg etter du har vridd på den, er folien plast. Opnar den seg ikkje, er den cellofan. Plastfolie sorterer du som plastemballasje. Cellofan er laga av cellulose, og du kastar den i restavfallet.
Cellofan er i dag lite brukt. Mange kallar knitrete plast for cellofan, mens dette eigentleg er plastemballasje. Innpakningar til blomsterbukettar og kakelotteri i dag er i all hovudsak plastemballasje.
Skal etikettar og papir på plastemballasjen tas bort?
Fjern papir som det er lett å ta av, for eksempel papiret rundt kjøttpakka. Dersom det er mykje papir på plasten, er det ein risiko for at maskinane på gjenvinningsanlegget leser emballasjen som papir, og avviser produktet i sorteringsprosessen. Etikettar som er klistra på emballasjen kan du la sitte på.
Kva med plastemballasje det er vanskeleg å få tom for restar?
Noko plastemballasje kan det være vanskeleg å få tom for restar, for eksempel posen med marinerte kyllingklubbar. Får du ikkje bort restane med kaldt vatn og ein sveip med oppvaskbørsten er det best å kaste emballasjen i restavfallet.
Kvifor skal emballasjen være tom for restar når eg sorterer den?
Restar og matsøl skaper fukt, mugg og bakteriar, som øydelegg for gjenvinninga av plastemballasje og gjer dårlege arbeidsforhold for dei som jobbar med gjenvinninga.
Kan svart plastemballasje bli gjenvunne?
Svart plastemballasje sorterer du som plast.Den kan være vanskeleg å sortere ut om den inneheld fargepigmentet“carbon black”. Nokre anlegg greier det i dag, men ikkje alle. Teknologien utvikles slik at sorteringa blir enda bedre. I tillegg jobbar Grønt Punkt Norge med produsentane for at dei skal vel annan emballasje enn svart.
Kva gjer eg med plastemballasje det har vært farleg avfall i?
Kan ein sortere biobasert plast, bionedbrytbar plast og komposterbar plast som plast?
Biobasert plast sorterer du som plastemballasje, mens bionedbrytbar og komposterbar plast skal i restavfallet.
Biobasert plast har kjemiske eigenskapar som er lik tradisjonell plast, difor oppfører den seg likt ved gjenvinning.
Bionedbrytbar og komposterbar plast vil øydeleggje kvaliteten på produkt som blir laga av gjenvunnet plast. Emballasjen er ofte merka dersom den er ein av desse typane.
Sjølv om namnet til desse nye plasttypane kan gje inntrykk av at dei kan bli kasta og bryt ned i naturen, blir både biobasert plast og bionedbrytbar plast til mikroplast når den hamner i naturen.
Data er hentet frå
Sortere.no
Sorteringsguide
Korleis kastar eg riktig?
Har du noko du skal kaste, men veit ikkje kor det skal? Søk her!