Metallemballasje
Greit å vite
Emballasje som har inneheldt farlege stoff leverer du på næraste gjenvinningsstasjon.
Metallemballasje er all emballasje i metall, unntatt drikkeboksar med pant. Emballasjen må være tom når du sorterer.
Produkt som er laga av metall, for eksempel gryter, knivar og tørkestativ, leverer du til næraste gjenvinningsstasjon.
Metallemballasje som har inneheldt farlege stoff, leverer du som farleg avfall. Sjå etter faremerke på emballasjen.
Slik gjer du det
- Metallemballasjen er klar for sortering når den er tom for restar. Tøm ut restar og skyl emballasjen i kaldt vatn. Om restane er vanskelege å få ut kan du la emballasjen stå i vasken i kaldt vatn eller vatn frå oppvasken. Du kan også bruke litt tørkepapir for å få bort restar.
- Rist emballasjen tørr.
- Sorter og legg laust i behaldar/container.
Ja takk
- Hermetikkbokser
- Påleggstube i metall
- Syltetøylokk
- Drikkeboks uten pant
- Aluminiumsform
Nei takk
- Tilgriset emballasje
- Spiker og skruer
- Kniver
- gryter og panner
- Vaffeljern
Dette lurer mange på
Kva gjer eg med aluminiumsfolie og aluminiumsformar?
Desse sorterer du som metallemballasje. Både aluminiumsfolie og -formar kan du bruke fleire gonger. Bruker du aluminiumsfolie til oppvarming av tacolefser, kan du spare den til neste gang du skal ha taco. Eller bruke den til oppbevaring av restar eller til annan matlaging.
Bytt frå eingongs til fleirgongs! Du kan også bruke andre alternativ som tar like godt vare på maten:
Oppbevar mat og matrestar i tomme syltetøyglas, boksar i plast eller matboksar du har liggjande
Stek eller varm opp mat i eldfaste formar
Kan eg sortere metallemballasje med mykje matrestar?
Metallemballasje med mykje restar kastar du i restavfallet. Er det mykje matrestar igjen, som det ofte kan bli i ein makrell-i-tomat-boks, skyl i kaldt vatn eller bruk litt tørkepapir. La den gjerne stå litt i vatn først slik at restane lausnar.
Svært skitten metallemballasje kan øydeleggje for gjenvinninga og gir dårlege arbeidsforhold for dei som jobbar med gjenvinninga av metallemballasje.
Kva gjer eg med metalltubar som ikkje er heilt tomme?
Metalltubar som har mykje restar igjen, kastar du i restavfallet.
Tømmer du tuben for innhald, får du både spist opp maten og gjort tuben klar for sortering. Tuben er tom nok når du har klemt ut alt innhaldet. Eit triks du kan gjere er å dra tuben langs bordkanten, eller bruke ein kniv for å presse ut restane av innhaldet. Korken sorterer du som plastemballasje.
Kva gjer eg med produkt av metall?
Er produktet fortsatt brukbart? Gje bort eller sel det. Er det øydelagt, ta med metallprodukta når du skal til gjenvinningsstasjonen. Produkt av metall, som ikkje er emballasje, sorterast ikkje som metallemballasje.
Kva gjer eg med skarpe gjenstandar i metall?
Skarpe gjenstandar skal ikkje sorterast som metallemballasje. Dersom det kjem skarpe gjenstandar, som knivar, spiker og skruer, saman med metallemballasjen kan dette øydeleggje delar av gjenvinningsanlegget (eks: kutte opp sorteringsband eller henge seg opp i maskinane).
Kva gjer eg med etikettane på metallemballasjen?
Du kan la etiketten bli sittande på emballasjen når du sorterer den. Emballasjen blir handtert på gjenvinningsanlegget slik at etikettane blir sortert separat ved hjelp av tørrvasking og ein varmluftprosess som gjer at limet lausnar og etikettane fell av.
Korleis sorterer eg sprayboksar i metall?
Sprayboksar i metall leverer du som farleg avfall. Dei einaste unntaka er sprayboksar som har inneheldt mat, som krem på boks og formfett. Desse sorterer du som metallemballasje.
Kan eg sortere drikkeboksar utan pant som metallemballasje?
Du kan sortere boksar utan pant som metallemballasje. Drikkeboksar blir gjenvunne på lik linje med annan metallemballasje.Dei fleste boksar utan pant kan du òg levere inn i panteautomaten, men det betales ikkje ut pant.
Lenkjer:
Kva har metallemballasje med regnskogen å gjere?
Slik får du makrell i tomat-boksen (og andre hermetikkboksar) tom
Data er hentet frå
Sortere.no
Sorteringsguide
Korleis kastar eg riktig?
Har du noko du skal kaste, men veit ikkje kor det skal? Søk her!