No sender vi årets første faktura
Sunnfjord Miljøverk har no sendt ut faktura for første termin 2025.
Frå og med i år vil du få faktura frå Sunnfjord Miljøverk fire gongar i året. Tidlegare har det berre vert to. Vi gjer denne endringa for at det skal vere enklare for deg å halde oversikt over kostnadane dine.
Ny gebyrmodell
Ei anna ny og merkbar endring er den nye gebyrmodellen, kalla rettferdig gebyrmodell. På årets første faktura vil du bli fakturert for ein fjerdedel av grunnprisen. Gebyr for tømming av restavfallsdunken gjort i perioden januar-mars 2025 vil du ikkje sjå før på neste faktura. Eigedommar som er del av burettslag har fastpris, og vil bli fakturert for ein fjerdedel av heile årsprisen no.
Har du eigedom i Naustdal?
Naustdal har over ein lengre periode betalt per tømming. På fakturaen som du no har mottatt vil du bli fakturert for dei tømmingar som er gjort i perioden juni-desember 2024.