Faktura- og prisinformasjon
Her har vi samla ofte stilte spørsmål til faktura.
Ofte stilte spørsmål
Kor ofte kjem det faktura frå SUM?
Frå og med 1.1.2025 vil vi endre faktureringsfrekvensen vår frå halvårlig til kvartalsvis. Denne endringa vert gjort for å gje deg som kunde betre oversikt over kostnadane.
- Termin 1 - februar
- Termin 2 - mai
- Termin 3 - august
- Termin 4 - november
Normalt 3 veker betalingsfrist.
Kan eg utsette forfallsdato?
Det kan du heilt fint gjere! Ta kontakt med kundesenteret for ordne dette. Vi har moglegheit til å utsette forfall til utgangen av perioden det vert fakturert for. Dersom faktura allereie er sendt vidare til inkassoselskap er det dessverre for seint. Gi difor beskjed før opprinneleg forfallsdato.
Kva skjer dersom eg ikkje betalar innan forfallsdato?
Dersom du ikkje betalar faktura innan forfallsdato vil du motta purring inkludert purregebyr og forseinkingsrenter. Dersom denne ikkje vert betalt vil du motta inkassovarsel. SUM samarbeidar med Intrum for behandling av kundefordringar.
Kan eg endre fakturamottakar?
SUM sender kun faktura til den som er tinglyst eigar av eigedommen. Ifølgje Ureiningslova §34 er det eigar som har ansvaret for å betale renovasjonsgebyret. Vi kan difor ikkje endre kven som får faktura til nokon andre, til dømes leigetakar. Dersom det er ein festeavtale, er det tomtefastar som må betale avgifta. Dersom renovasjonsavgifta ikkje vert betalt, kan SUM, om nødvendig, kreve inn beløpet med tvang.
Kan eg få faktura tilsendt på e-post?
Nei, vi har dessverre ikkje moglegheit for å sende faktura for renovasjon pr. e-post.
Eg har betalt for mykje, kva gjer eg?
Dersom du for eksempel har betalt dobbelt, eller av ein eller anna grunn betalt for mykje, vil vi tilbakebetale beløpet til deg. Dette gjer vi vanlegvis etter forfallsdato. Opplever du at dette ikkje skjer ber vi deg ta kontakt med oss, så kan vi tilbakebetale beløpet til deg innan kort tid.
Kvifor er det ein bindestrek på slutten av KID-nummeret?
Enkelte får ein bindestrek på slutten av KID-nummeret sitt. Dette er ein del av nummerrekka som må vere med for at du skal få KID-nummeret godkjent i betalinga di.
Kvifor står det slamavskiljar på fakturaen min?
Har du ein eigedom med eit privat avløpsanlegg vil du få faktura for tømming frå Sunnfjord Miljøverk. Årsgebyret vert fordelt over 4 terminar, og dekker tømming av slamtank på ordinært rute. Alle private avløpsanlegg må tømmast regelmessig og skal ta del i denne ordninga. Jobben vert utført av Norva24. Du kan sjekke når tanken din sist vart tømt, og når neste tømming er planlagt på mintank.no.
Prisar på gjenvinningsstasjonane våre
| Type køyretøy | Pris (ink. mva) |
|---|---|
| Bil, mindre køyretøy eller gåande | kr 150 |
| Bil med hengar | kr 350 |
| Varebil ¹ | kr 350 |
| Varebil med hengar | kr 400 |
| Traktor | kr 800 |
Du kan betale med vipps, kort eller kontant.
¹ Varebil: Vi tar utgangspunkt i kva bilen er registrert som hos Statens Vegvesen.
Du kan sjekke køyretøyopplysningane i vognkortet eller på Statens Vegvesen si eiga heimeside. Sjå køretøyopplysningar her.
Merk at om ei næring er involvert i avfallet, for eksempel innleigd for transportering av avfallet, vil avfallet sjåast som næringsavfall.
Pris er då avhengig av vekt, og farleg avfall må deklarerast.
Gebyrfrie avfallstypar
Her ser du kva du kan levere til gjenvinningsstasjonane våre, utan gebyr.
Dersom du kjem med eit køyretøy som berre inneheld desse avfallstypane, betalar du ingenting.
Merk at dersom du leverer noko som er betalingspliktig, sjølv ein liten ting, gjeld alltid same pris for køyretøyet ditt, uavhengig av mengde.
| Avfallstype | Eksempel: |
|---|---|
| Metall | Sykklar, kasserollar, spikar |
| Hageavfall | Blomar, kvistar, gras, buskar, tuja |
| EE-avfall | Mobiltelefonar, batteri, kvitevarer, lampar |
| Farleg avfall | Sprayboksar, malingsspann, drivstoff, kjemikaliar |
| Plastemballasje (mjuk plast) | Rein plastemballasje, vaska blomepotter |
| Glas- og metallemballasje | Syltetøyglas, hermetikkboksar, glasflasker |
| Papp og papir | Aviser, pocketbøker, papp og papir |
Gebyr for renovasjon ved hushaldning - Ordinær
| Varenamn | Pris (inkl. mva) | Eining |
|---|---|---|
| Grunnpris | kr 4 200 | stk |
| 140 liter restavfallsdunk | kr 120 | pr. tømming |
| 240 liter restavfallsdunk | kr 210 | pr. tømming |
Prislista over gjeld for abonnentar som disponerar eigne dunkar, aleine eller i eit samarbeid med naboar.
Gebyr for renovasjon ved hushaldning - Felles avfallsløysing
Gjeld for hushaldningar med felles renovasjonsløysing
| Varenamn | Pris (inkl. mva) | Eining |
|---|---|---|
| Fastpris - pr. bueining | kr 5 880 | Stk. |
Prislista over gjeld for dei abonnentar i sameige/burettslag som ikkje brukar chip-brikke til å åpne avfallsluke.
| Varenamn | Pris(inkl. mva) | Eining |
|---|---|---|
| Grunnpris | kr 5 880 | Stk. |
| Service og vedlikehald fellesanlegg | kr 200 | Stk. |
Prislista over gjeld for dei abonnentar i sameige/burettslag som brukar chip-brikke til å åpne luke.
Lurar du på noko? Ta gjerne kontakt med oss, så kan vi hjelpe deg.