Har du behov for konteinar?
Vi har fleire type konteinarar som vi leiger ut til både privatpersonar og næringsaktørar.
Har du eit ryddeprosjekt eller ein oppussingsjobb kan du enkelt bestille konteinar hos oss. Saman finn vi ut kva type konteinar som passar best til ditt formål, så leverer vi den heim til deg eller på arbeidsplassen.
Å leige konteinar kan gjere det enklare å sortere og levere store mengder avfall, og er eit godt alternativ når du har meir avfall enn det som får plass i vanlege dunkar. Vi kan også gje deg råd om sortering og kva du ikkje bør kaste i konteinaren.
Viktig med god tilkomst
For at vi skal kunne plassere konteinaren trygt, er det viktig at underlaget er fast og at det er god plass for transportbilen. Hugs å opplyse om takutstikk, bratte kneikar eller andre forhold som kan vere relevante, slik at levering og henting går smidig og utan skade på underlaget.
Sjå oversikt over utleige og transport
| Type avfall | Pris pr. tonn(eks. mva) | Pris pr. tonn(inkl. mva) | Minstepris(inkl. mva) |
|---|---|---|---|
| Blanda | 3000 | 3750 | 500 |
| Gebyrpris* | 5000 | 6250 | 3125 |
| Hageavfall | 1400 | 1750 | 500 |
| Treverk | 1000 | 1250 | 500 |
| CCA/Kreosot-impregnert | 2100 | 2625 | 500 |
| Takstein | 1440 | 1800 | 500 |
| Gips | 1600 | 2000 | 500 |
| Metall | 0 | 0 | 0 |
*Gjeld ved feilsortering
| Avstand rekna ein veg frå Einestølen | Transport tur/retur(ink. mva) | Transport tur/retur(eks. mva) |
|---|---|---|
| t.o.m 20km | 3875 | 3100 |
| 20,1 - 30 km | 4750 | 3800 |
| 30,1 - 40 km | 5625 | 4500 |
| 40,1 - 50 km | 6500 | 5200 |
| 50,1 - 60 km | 7375 | 5900 |
| 60,1 - 70 km | 8375 | 6700 |
| 70,1 - 80 km | 9250 | 7400 |
| 80,1 - 90 km | 10125 | 8100 |
| 90,1 - 100 km | 11000 | 8800 |
| Værlandet/Bulandet | 24750 | 19800 |
| Atløy | 18250 | 14600 |
Avstand vert rekna med google maps
Er du usikker på kva du bør velje? Ta kontakt med oss, så skal vi hjelpe deg.