Hopp til hovudinnhald

Slik sorterer du etter 17. mai- feiringa

Nasjonaldagen byr som regel på god mat, pynt og kjekke stunder - men det kan òg føre til mykje avfall. Her har du ei (lang) liste over korleis du skal sortere typiske artiklar frå feiringa. 

Publisert
Kake med bær på toppen
Foto: LOOP

Mat og emballasje

Etter festmåltidet kan det vere mykje matrestar og emballasje. Lag deg ein skikkeleg restefest av det som blir til overs. Når det gjeld emballasje, er det viktig å sortere korrekt:

  • Bakepulverboks: Metall
  • Chipspose og snackspose: Restavfall
  • Eggeskal: Matavfall
  • Eingongsgrill: Restavfall (avkjølt og utan kol)
  • Fløtekartong: Papir/papp
  • Godtepapir: Restavfall
  • Ispapir: Restavfall
  • Kakemikspose: Restavfall
  • Ketchupflaske: Plast
  • Krydderglass: Glas
  • Papptallerken: Papir/papp
  • Pølsepakke: Plast
  • Sennepsglass: Glas

Drikkevarer og tilbehør

Drikkevarer og tilbehør genererer òg avfall som bør sorterast riktig:

  • Bokser og flasker: Pant i butikk eller sortere som glas/metall
  • Champagneflasker: Glas
  • Eingongskopper: Restavfall
  • Kaffegrut: Matavfall
  • Kaffekapsel: Restavfall eller metall, avhengig av type
  • Kaffeputer: Matavfall
  • Knust kopp: Restavfall
  • Knust vinglas: Restavfall
  • Sugerør: Restavfall
  • Tepose: Matavfall
  • Vinkartong: Papir/papp
  • Vinpose: Plast

Pynt og dekorasjon

Pynten frå 17. mai kan du bruke på nytt til neste år. Dersom den er øydelagt og må kastast, er det  er det viktig å sortere riktig:

  • Ballongar: Restavfall
  • Blomar: Restavfall
  • Bonbon: Restavfall
  • Girlander: Restavfall
  • Kakeflagg: Restavfall
  • Klesrulle: Restavfall
  • Konfetti: Restavfall
  • Hårspray: Farlig avfall
  • Serviett: Matavfall
  • Stilkblomar: Restavfall
  • Sølvpuss: Farlig avfall
  • 17. mai-sløyfe: Restavfall

 

Få fleire sorteringstips på sortere.no 

Fleire saker

Sjå fleire saker