Plastsekkane er ikkje for alt – feil bruk kostar
Sekkane for plastemballasje blir ofte brukte til heilt andre ting enn dei er meint for. Det verkar kanskje som ei enkel løysing i kvardagen, men det fører til unødvendige kostnader – som til slutt kan gi høgare gebyr for deg.
Sekkane du får til plastemballasje er spesiallaga nettopp for dette formålet. Dei har små lufthol som hindrar at dei sprekk inne i renovasjonsbilen når plasten blir pressa saman. Sekkane kostar meir enn vanlege plastsekkar, og er ein del av det vi finansierer gjennom renovasjonsgebyret.
Vi ser dessverre at desse sekkane i aukande grad blir brukte til heilt andre ting enn plastemballasje. Det forstår vi godt – dei er praktiske og lett tilgjengelege. Men når dei blir brukte feil, må vi bestille inn fleire enn planlagt. Det aukar kostnadene våre – og til slutt dine.
Hugs:
- Sekkane for plastemballasje skal du berre bruke til rein plastemballasje frå hushaldningane.
- Vi tek ikkje imot slike sekkar på gjenvinningsstasjonane dersom dei inneheld andre typar avfall.
- Til anna avfall ber vi deg bruke vanlege, gjennomsiktige plastsekkar som du får kjøpt i daglegvare- eller byggevarebutikkar.
Takk for at du brukar plastsekkane slik dei er meinte å brukast – det er med på å halde kostnadene nede for alle.