Hopp til hovudinnhald

Nye dunkar for glas- og metallemballasje

Utdelinga av dei nye dunkane for glas- og metallemballasje er godt i gong. Til hausten skal alle ha fått ein fjerde dunk. 

Publisert
Tomt tacoglas vert sorter som glas- og metallemballasje.
Foto Herman Ekendahl Dreyer for LOOP

Prosjektet er stort – totalt skal over 12 500 dunkar delast ut i Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord. Nokre innbyggjarar har allereie fått dunken sin, medan andre må vente nokre månader før den blir levert.

Dunken vert plassert på eller nær tømmeplassen din. Følg med i nabolaget – kanskje du allereie har sett dunkar med turkis lokk? Du kjenner att din eigen dunk ved å sjå på adresseetiketten på sida av dunken. Hugs å ta den inn så snart som mogleg etter levering.

Når blir dunken tømt?

Tømming av dei nye dunkane startar først mot slutten av 2025. Du kan ta dunken i bruk allereie no, men ver obs på at det då vil bli liggande i dunken relativt lenge. Pass då på at emballasjen er godt skylt, og sørg for at den ikkje blir så full at den blir for tung til å trille. Alternativt kan du levere glas- og metallemballasje slik som før. Du vil få ein SMS med informasjon om tømmedato når det nærmar seg.

Slik sorterer du rett

Det er lett å tru at alt av glas og metall høyrer heime i dunken – men det stemmer ikkje heilt. Det er berre glas- og metallemballasje som har vore brukt til mat og drikke du skal kaste her. 

Ja takk:

  • Syltetøyglas
  • Hermetikkboksar
  • Brusflasker av glas
  • Metalltuber (t.d. kaviar)

Nei takk:

  • Sprayboksar og gassbehaldarar
  • Drikkeglas og vinballongar
  • Kakeformer, steikepanner og gryter
  • Lyspærer og pyntegjenstandar i glas eller metall

Slike ting må leverast på gjenvinningsstasjonen.

 

Fleire saker

Sjå fleire saker