Hopp til hovudinnhald

Ny betalingsmodell frå 2025

Frå 1. januar 2025 innfører vi ny gebyrmodell for hushaldningskundar. Den nye betalingsmodellen, kalla rettferdig betalinsgmodell, er basert på prinsippet om at du skal betale etter kor mykje du kastar.

Publisert
Jenter holder fram epleskrott og bananskall
Foto: Oda Hveem, Loop

Renovasjonsgebyret vil bestå av to delar: eit fast grunngebyr og ein variabel del.

Slik blir modellen for deg med dunk  

  • Grunngebyr: 3500 kroner.    
    Dette er ein årleg kostnad som vil vere lik for alle bueiningar, uavhengig av om ein har eigen dunk eller ikkje. Grunnbeløpet dekkjer henting, handsaming og vidare transport av matavfall, papp/papir, plastemballasje, glas- og metallemballasje og administrasjonskostnadar knytt til renovasjon.   
  • Tømmegebyr: 100 kroner (140 liters dunk)/ 175 kroner  (240 liters dunk).  
    Det vil seie at du får eit tilleggsgebyr på 100 kroner (140 liters dunk) for kvar gong du sett fram restavfallsdunken din.   

Slik blir modellen for deg som bur i sameige/burettslag  

  • Grunngebyr: 4900 kroner  
    Dette er ein årleg kostnad som vil vere lik for alle bueiningar. Grunngebyret dekkjer henting, handsaming og vidare transport av matavfall, papp/papir, plast-, glas- og metallemballasje, samt administrasjonskostnadar knytt til renovasjon.   

Slik blir modellen for deg som har lukeopning (nedgravd anlegg)  

  • Grunngebyr: 3500 kroner.   
  • Tømmegebyr: 20 kroner for kvar gong du opnar restavfallsluka. 
  • Servicegebyr: I tillegg kjem det ei årleg avgift på 200 kroner for å dekke vask og service på anlegget. Denne avgifta vil bli fordelt på termingebyra. 

 

Betaling på gjenvinningsstasjonane  

For at den rettferdige betalingsmodellen skal fungere, må vi innføre betaling på gjenvinningsstasjonane slik at alle betaler for det avfallet dei leverer, uansett om det er via dunken heime eller på ein hengar på gjenvinningsstasjon. På denne måten blir kostnadane rettferdig fordelt.  

Prisar:  

  • Bil, mindre køyretøy eller gåande: 150 kroner   
  • Varebil: 350 kroner  
  • Bil med hengar: 350 kroner  
  • Varebil med hengar: 400 kroner  
  • Traktor: 800 kroner

Metall, hageavfall, EE-avfall (elektrisk avfall), farleg avfall, papp/papir, plastemballasje og glas- og metall utan ekstra kostnad. Dette er inkludert i grunnbeløpet ditt. Det vil seie at dersom du kjem med i eit køyretøy med berre éin eller fleire av desse avfallstypane, skal du ikkje betale.  Har du derimot med deg avfall (uansett størrelse eller vekt) som ikkje er på lista over, må du betale utifrå kva køyretøy du kjem i.

Du kan betale med vipps, kort eller kontant på alle gjenvinningsstasjonane.

Fleire saker

Sjå fleire saker