Hopp til hovudinnhald

No kan du få øydelagt tøy henta heime med Omlo

Har du ei utsleten bukse eller eit holete laken som ikkje kan reparerast? SUM-abonnentar kan no ta i bruk Omlo – ei teneste som gjer det enklare å levere reine og tørre, øydelagde tekstilar til gjenvinning.

Publisert

Bruk SUM-partnarane først

Før du leverer frå deg tøyet, sjå om det kan reparerast eller brukast vidare. Ein ny glidelås, ein lapp eller ei enkel omsying kan gje eit plagg mange gode år til.

Vi oppmodar deg til først og fremst å nytte SUM-partnarane våre til reparasjon og lokalt ombruk. På sumavfall.no finn du oversikta over lokale aktørar som kan hjelpe. Gjenbruket i Fjaler og Gratisbutikken i Askvoll er døme på tilbod der brukbare klede kan få nye eigarar. Sjekk kva den enkelte aktøren tek imot før du leverer.

Heile og brukbare klede og sko skal framleis leverast til ombruk. Omlo er eit ekstra tilbod for tekstilar som ikkje lenger kan brukast.

Sjå oversikta over SUM-partnarane.

Kva kan du levere til Omlo?

Omlo tek imot øydelagde klede og tekstilar som er reine og tørre. Det kan til dømes vere slitne T-skjorter, bukser, genserar, handkle og sengetøy.

Tekstilane kan ha hol eller vere utslitne. Du treng ikkje sortere dei etter materialtype, men du må følgje sorteringsrettleiinga for kva som kan leggjast i posen.

Slik kjem du i gang

  1. Gå til omlo.no/bestill og skriv inn postnummeret ditt. Då får du sjå om tenesta er tilgjengeleg der du bur.
  2. Bestill ein Omlo-pose heim.
  3. Fyll posen med reine og tørre, øydelagde klede og tekstilar som Omlo tek imot.
  4. Skann QR-koden på posen, eller gå til omlo.no/retur. Registrer posen og bestill henting.
  5. Skriv hentekoden på posen, lukk han godt og set han fram slik du får beskjed om.

SUM tar porto kostnader knytt Omlo bestilling.

Kva skjer med tøyet?

Helthjem hentar posane, og tekstilane blir sende vidare til Norsk Tekstilgjenvinning. Der blir dei sorterte og vurderte etter mellom anna kvalitet og materialinnhald.

Tekstilar som eignar seg til materialgjenvinning, blir bearbeidde mekanisk slik at fibrane kan nyttast i ny tekstilproduksjon. Dei kan bli råstoff til nytt garn og nye tekstilprodukt. Dette blir kalla fiber-til-fiber-gjenvinning.

Ikkje alle tekstilar kan materialgjenvinnast med løysingane som finst i dag. Omlo opplyser at tekstilane etter sortering blir sende vidare til materialgjenvinning, ombruk eller energigjenvinning, avhengig av kva dei eignar seg til.

Kvifor gjer SUM dette?

Vi ynskjer å gjere det enklare å ta vare på ressursane i tekstilane våre. Ved å tilby eit ekstra leveringsalternativ vil vi bidra til at fleire øydelagde tekstilar blir samla inn og kan kome til nytte.

Når fibrane blir brukte om att, kan dei erstatte noko av behovet for nye råvarer. Omlo registrerer òg innsamlinga digitalt, slik at vi får betre oversikt over mengdene som blir samla inn og korleis dei blir handterte vidare.

Fleire saker

Sjå fleire saker