Hopp til hovudinnhald

Gratis kurs i heimekompostering - Dale

Kurset for deg som er nysgjerrig på kompostering og vil lære korleis du kan gjere matrestar og hageavfall om til verdifull jord.

Publisert
Vatning av planter
Foto: Pille R. Priske/Unsplash

Marit Bendz er kurshaldar og vil gi ei praktisk innføring i ulike komposteringsmetodar. Ho har lang erfaring med temaet og vil dele kunnskap om korleis du enkelt kan kome i gang – enten du har ein stor hage eller bur i leilegheit.

Praktisk informasjon

Dato: Tysdag 3. juni 2025
Tid: 19.00 – 20.30
Stad: Samvirket - Dalsvegen 97, Dale i Sunnfjord
Pris: Gratis, men påmelding er nødvendig

Det må vere minimum 8 påmeldte for at kurset skal bli gjennomført.

Dette lærer du på kurset

  • Kva du kan og ikkje kan kompostere
  • Forskjellige metodar for heimekompostering, inkludert varmkompost og bokashi
  • Korleis du unngår lukt og skadedyr
  • Kva slags utstyr som trengst for å starte opp
  • Kvifor kompostering er bra for miljøet og lommeboka


Det blir høve til å stille spørsmål undervegs, og du kan gjerne ta med eigne erfaringar eller utfordringar.

Kurset gir deg kunnskapen du treng for å redusere avfall, spare pengar og skape betre jord til eigen hage eller planter.


Fritaksordning for matavfall

Dersom du komposterer ditt eige matavfall, kan du få prisreduksjon i gebyret ditt til SUM. I tillegg kan du få tilskot for innkjøp av kompostbinge.

Om kurshaldaren 

Marit er journalist og forfattar, blant anna av boka “Glade dyr og levande jord”. Ho er lidenskapleg opptatt av hage, økologi, kompostering og sjølvberging. Ho er også ei av drivkreftene bak Vie andelslandbruk i Sunnfjord. 

Kurshaldar Marit Bendz
Foto: privat

 

Fleire saker

Sjå fleire saker