Er det marknad for ombruk av byggemateriale i Sunnfjord?
Saman med Sunnfjord kommune, inviterer vi alle som har interesse for temaet på ein workshop for å finne gode idéar for ombruk av byggemateriale.
Bygg- og anleggsnæringa står for store mengder avfall og materialforbruk. Dessverre er det alt for lite som går til ombruk.
Derfor vil vi, med Sunnfjord kommune i spissen, invitere til ein arbeidsverkstad der vi saman kan utforske moglegheitene for ombruk av byggemateriale. Med utgangspunkt i prosjektet om Sande skule, vil vi diskutere korleis vi kan etablere eit berekraftig system for ombruk som sparar ressursar og reduserer utslepp.
Kvifor ombruk?
- Reduksjon av klimagassutslepp: Ved å bruke eksisterande materiale om igjen, kan vi drastisk redusere utslepp knytt til produksjon av nye ressursar.
- Sparing av ressursar: Ombruk av byggemateriale fører til mindre avfall og lågare behov for nye råvarer.
- Økonomiske fordelar: Bedrifter kan spare pengar på materialkostnadar samtidig som dei bidrar til å redusere miljøbelastninga.
Tid og stad
- Torsdag 7. november
- Klokka 09–12
- Førdehuset
Program
- Innleiing frå Sunnfjord kommune og Sunnfjord miljøverk
- Praktiske døme på ombruksprosjektet og ombruksstasjonar
- Diskusjon i grupper – Kven bør drifte ombruksstasjonen? Kvar bør ombruksstasjonen ligge?
Vi håpar at flest mogleg frå bygg- og anleggsnæringa, politikarar, offentleg sektor og andre interesserte blir med og deler erfaringar, idéar og forslag. Dette er ein moglegheit til å påverke framtida for bygg i Sunnfjord!
Velkommen til ein workshop som handlar om å bygge for framtida.