Hopp til hovudinnhald

Har du spørsmål angåande fakturering?

Vi hjelper deg gjerne! - Les teksten nedanfor og ta kontakt om du framleis har spørsmål 🕵️

Foto: Photoevent
Foto: Photoevent

SUM har nyleg fakturert og har funne nokre bueiningar som ikkje har blitt fakturerte for renovasjonsgebyr tidligare. Om du er råka av dette ber vi deg lese ekstra grundig gjennom teksten. 🔍 

Kort fortalt 💡

Kvifor får eg først faktura no? 🤔

Du har fått faktura fordi eigedomen er registrert med ei eller fleire bueiningar. Den er då omfatta av renovasjonsordninga og er gebyrpliktig. Om du ikkje er blitt fakturert tidligare kan årsaka vere følgande:  

  • Bueininga er registrert i matrikkelen, men ikkje i gebyrgrunnlaget
  • Det har mangla abonnement på eigedomen
  • Opplysningar frå matrikkelen er ikkje komen fram tidligare

Har du blitt fakturert for ei bueining som ikkje er bebueleg, kan du søkje om fritak frå renovasjonsgebyret. Les meir om dette nederst på sida. 

Du har fått faktura fordi eigedomen er registrert med ei eller fleire bueiningar som er omfatta av renovasjonsordninga, men som ikkje har blitt fakturerte tidligare.

SUM har fokus på likeverd, når slike avvik blir oppdaga, må dei rettast opp. Slik blir alle eigedomar og bueiningar i kommunane våre likt behandla.

Matrikkelen er ført av kommunen, denne har ikkje SUM moglegheit å endre for deg. Renovasjonsgebyr som ikkje tidlegare er lagt inn blir rekna som avvik, og korrigert. 

For frittståande bygg er gebyret fakturert inntil tre år tilbake. 

Kort fortalt 💡

Kvifor er eigedomen gebyrpliktig? 🤔

Renovasjonsgebyret er knytt til bueininga. Det betyr at kvar registrerte bueining som er omfatta av renovasjonsordninga, skal fakturerast med renovasjonsgebyr. Dette gjeld uavhengig av om bueininga er i dagleg bruk, står tom, blir brukt som fritidsbustad eller berre blir brukt delar av året.

Kommunen er lovpålagt etter forureiningslova å sørgje for innsamling av hushaldsavfall. Renovasjonsordninga er finansiert gjennom sjølvkostprinsippet. Dette gjer det prinsipielt ekstra viktig at alle betalar sitt rettmessige gebyr.

Gebyret er altså ikkje berre betaling for faktisk bruk frå dag til dag, men for at bueininga er omfatta av den kommunale renovasjonsordninga og har tilgang til renovasjonstenesta.

Dersom du meiner at bueininga ikkje skulle vore fakturert, eller at det ligg føre særlege forhold til grunn kan du lese meir under.

Kort fortalt 💡

Må eg betale dersom eg ikkje har brukt renovasjonstenesta? 🤔

Ja. Dersom eigedomen eller bueininga er renovasjonspliktig, skal det betalast renovasjonsgebyr.

Kva går renovasjonsgebyret til?

Renovasjonsgebyret skal dekke kostnader knytt til den lovpålagde renovasjonstenesta. Dette omfatta mellom anna innsamling, transport, mottak og behandling av hushaldsavfall. 

Renovasjonsgebyret er knytt til at bueininga er omfatta av den kommunale renovasjonsordninga. Det er ikkje berre betaling for kor mykje avfall som faktisk blir levert. 

Dersom du meiner at eigedomen eller bueininga ikkje skulle vore gebyrpliktig, kan du kontakte oss gjennom skjemaet under.

Eg treng framleis hjelp med fakturaen

Kontakt oss gjennom skjemaet ved lenka under. 
Om grunnlaget er feil, vil vi sjølvsagt rette på dette. 
Dersom fakturaen er høg, kan du også nytte skjemaet for å spørje om betalingsutsetjing eller nedbetalingsavtale. 

Har eg rett på fritak for gebyr?

Har ein eigedom to registrerte bueiningar, skal det som hovudregel betalast renovasjonsgebyr for to bueiningar. Dette skal vere likt for alle. SUM kan ikkje gje unntak for enkeltpersonar utan at vilkåra for fritak er oppfylte.

Du kan lese meir om fritak frå renovasjonsgebyr, og undersøkje om bueininga di oppfyller krava for fritak, her: