Hopp til hovudinnhald

Her får du hjelp med faktura

Kontakt oss om fakturaen

Dersom du meiner at fakturaen byggjer på feil grunnlag, eller dersom du treng utsett forfall eller betalingsordning, ber vi deg bruke skjemaet under.

Vel det alternativet som passar best, og fyll inn nødvendig informasjon. Då får vi dei opplysningane vi treng for å behandle saka di.

Feil i fakturagrunnlaget

Dersom du meiner at fakturaen er feil, ber vi deg opplyse kva feilen gjeld. Dette kan til dømes vere feil tal på bueiningar, feil periode, feil registrering eller andre forhold som påverkar gebyret.

Dersom fakturagrunnlaget er feil, vil vi rette dette.
Legg ved dokumentasjon som syner kvarleis fakturagrunnlaget er feil.

 

MERK: Dersom saka gjeld ein bustad eller bueining som ikkje kan nyttast, står til nedfalls eller av andre grunnar ikkje er brukbar som bustad, må du sende inn søknad om fritak frå renovasjonsgebyr. Husk at dette må dokumenterast.  

Utsett forfall eller betalingsordning

Dersom fakturaen er vanskeleg å betale innan forfallsdato, kan du be om utsett forfall eller betalingsordning.

Ved betalingsordning set vi ein ny forfallsdato på fakturaen. Du betaler då til same kontonummer og med same KID-nummer som står på fakturaen. Du kan betale heile eller delar av beløpet fram til kravet er betalt.

Du er sjølv ansvarleg for å betale inn beløpet innan den nye fristen. Dersom du ynskjer å vite kor mykje som står att, kan du kontakte SUM.

Kva gjeld di tilbakemelding? 
Kva meiner du er feil? 
Feil i matrikkelen må rettast av kommunen. Sjå om matrikkelen er rett ved å nytte Norgeskart.no. 
Når vil du ha ny forfallsdato?