Hopp til hovudinnhald

Den moderne avfallsløysninga

Nedgravd anlegg er ein framtidsretta og brukarvennleg løsying for oppsamling av avfall. Stadig fleire bustadområder satsar på denne type avfallsordning. 

Dette er lukka anlegg som erstatta tradisjonelle dunkar. Dei ser ryddige og fine ut, og hindrar sjenerande lukt og skadedyr. Anlegga er også brannsikre og universelt utforma. 

Dette er moderne løysingar som kan nyttast i både nye og eksisterande bustadfelt, sameiger og burettslag. 

Burettslag og sameie som ønsker nedgravd løysing 

Det er mange fordeler med denne løysinga. Det er brannsikkert, tek liten plass og er enkelt å bruke. I tillegg ser det ryddig og fint ut. 

Korleis nytte nedgrave anlegg

Ein nyttar nedgravne anlegg på lik linje som ein gjer med dunkar. Einaste skilnad er når det kjem til plast. Her må ein enten kaste laust eller bruke ein liten plastpose. Sjå PDF nedanfor om du ynskjer meir innsikt i sortering.

  • Glas og metall: Det er kunn emballasje som skal i nedgravne anlegg. Kastast laust ned i anlegget.
  • Matavfall: Matavfallet skal i matavfallsposen frå SUM og hivast ned i anlegget.
  • Plast: Kast laust nedi eller i liten plastpose.
  • Papp og Papir: Kast laust ned i anlegget.

Last ned Sortering PDF

Sjå dei ulike løysingane:

Bakkemontert/frittståande konteiner

Denne typen kan du nytte til restavfall, papp- og papir, plastemballasje, og glas- og metallemballasje. 

Semi-nedgravd konteinar

Her er 70 % av konteineren under bakken. Denne typen kan du nytte til restavfall, papp- og papir, plastemballasje, og glas-og metallemballasje. Desse må vi tømme med kranbil. 

Nedgravd konteinar

Den består av eit innkast på bakkeplan og ein 5m3 konteiner under bakken. Her kan du kaste restavfall, papp- og papir, plastemballasje, og glas- og metallemballasje. Desse må vi tømme med kranbil. 

Kontaktskjema

Det er stadig fleire utbyggarar som ønsker nedgravde løysingar. Ta kontakt med oss tidleg i prosessen slik at vi saman kan finne den beste løysinga for dykkar område. Nysgjerrig? Fyll ut skjemaet nedanfor, så tar vi kontakt når det passar.