Hopp til hovudinnhald

Kvar epleskrott teller!

Kvart år kastar vi 217 tonn mat i private heimar i Norge. Det er over 42 kg (!) per person. Dette er tal som vi saman med innbyggarane skal klare å redusere. 

Bilde av to jenter som kaster ein pose med matavfall i dunken.
Foto: Photoevent

Unngå matsvinn!

Vi oppmodar sterkt til å berre kjøpe maten du kjem til å ete. Dersom det blir restar, blir kloden glad for at du kastar dei i dunken med grønt lokk.

Korleis sorterer eg riktig?

To jenter held fram epleskrott og bananskall

Det er ikkje alltid lett å vite kva som skal kor. Ein hugseregel er at dersom du kan ete det, kan du også sortere det som matavfall. Overskot som epleskrott, fruktstein, fiskebein og kaffigrut kan du kaste i matavfallet. 

Kva skjer med matavfallet mitt?

Catharina Caprino/Hest Agentur/Loop

Vi samlar inn matavfallet og frakter det vidare til BIR i Bergen. Deretter går vegen vidare til Jæren, der dei brukar avfallet til å produsere biogass og biogjødsel. Biogass kan ein bruke til blant anna miljøsmart drivstoff, og biogjødsel tilfører jorda viktige næringsstoff som på nytt går inn i matproduksjonen. Miljønytten er derfor svært stor.  

Det er viktig at du som forbrukar faktisk sorterer riktig. Dersom matavfallet er sortert feil, kan vi risikere at heile lasset med avfall ikkje kan brukast vidare.  

Kor får eg tak i posar til matavfall?

Matavfallsposar finn du i fleire matvarebutikkar rundt om kring. Du kan også hente ut posar på gjenvinningsstasjonane våre eller på kontoret vårt i Elvetorget (3.etg).  

Posane er inkludert i gebyret til alle kundane våre.   

Kvifor papirposar?

Det er mange fordelar med papirposar. Blant anna vert avfallet tørrare når du brukar posen saman med ei korg med luftehol. Tørr mat gir mindre lukt og poser går ikkje i stykker. Papirposar er også den einaste posetypen som er 100 prosent fornybar, utan å spreie mikroplast i naturen. Dessutan vil anlegget vi leverer matavfallet til berre ta imot papirposar.  

NB: Det er berre SUM sine posar som skal nyttast til sortering av matavfall. Vi tek ikkje imot mat som er sortert i plastposar eller i bioposar.  

Heimekompostering

Kompostering i pallekarm

Kompostering er ein god måte å utnytte ditt eige matavfall lokalt. Det sparar miljøet for transport og avfall, og du får i gjengjeld næringsrik jord som plantane din vil nyte godt av. Som SUM-abonnement kan du inngå avtale om å kompostere sitt eige matavfall med å benytte godkjent komposteringsmetode. Vi hjelper deg gjerne på vegen.