Vårryddedagen 2026 – Bli med og rydd naturen!
Laurdag 21. mars startar årets store nasjonale ryddeaksjon – Vårryddedagen! Dette er eit felles løft for å ta vare på naturen vår før både fuglane kjem tilbake og ferdselsforbodet trer i kraft 15. april.
Vi i SUM inviterar alle til å vere med
Vi deler ut kostnadsfritt ryddeutstyr, og du kan levere inn avfallet heilt kostnadsfritt hjå oss.
I tillegg kan du delta i Kystlotteriet og vere med i trekninga av flotte premiar.
Hugs å ta bilete av sekkane før du kjem til gjenvinningstasjonen.
Sjå oversikt over premiar her: Premier- Elv og Hav
Registrer deg her: Registrering
Tidsrom for vårryddinga
21. mars – 15. april 2026
Ryddinga skal skje i område der snøen har smelta, slik at vi ikkje forstyrrar dyrelivet eller skadar vegetasjonen.
Viktige funn frå 2025
- Plastbitar stod for nesten tre fjerdedelar av alle funn og vart registrert i alle måleområde.
- Det vart registrert fleire funn av eingongsartiklar som er omfatta av eingongsplastdirektivet – også dei laga av andre materiale enn plast.
- Forsøplinga er størst i område der folk ferdast, særleg avfall frå personleg forbruk.
Basert på resultat frå tidlegare ryddeaksjonar er dette dei mest utbreidde funna:
Topp 5 mest utbreidde funn
- Uidentifiserbare plastbitar og gjenstandar
- Godteri- og snacksemballasje
- Tobakksprodukt
- Drikkevareemballasje
- Tau- og garnrestar
Topp 5 i talrikheit
- Uidentifiserbare plastbitar – 72,8 % av alle funn
- Tau- og garnrestar
- Glass utan produsentansvar
- Historisk avfall
- Godteri- og snacksemballasje
Små grep, store resultat
Vårryddedagen er ein enkel, sosial og verdifull måte å bidra på. Ta med vener, familie, naboar eller kollegaer – og bli med på denne viktige dugnaden.
Saman kan vi skape ein reinare kyst, skog og nærnatur for både dyr og menneske.
Vel møtt til årets Vårryddedag. Små grep gjev store resultat!
Hent kostnadsfritt ryddeutstyr her
Elvetorget:
• Kvardagar 09.00–15.00
Hyllestad gjenvinningsstasjon:
• Onsdag 12.00–18.00
Fjaler gjenvinningsstasjon:
• Tysdag 12.00–18.00
Hesjedalen gjenvinningsstasjon:
• Kvardagar 08.30–16.00
Askvoll gjenvinningsstasjon:
• Måndag 12.00–18.00
Gaular gjenvinningsstasjon:
• Onsdag 12.00–18.00