Ledig stilling: Vi søker renovatør
Vikariat stilling ∙ Heiltid ∙ Førde
Arbeidsoppgåver:
- Sjåfør på renovasjonsbil
- Innsamling av restavfall, matavfall, papir og plast frå hushaldningar
- Kontroll og lettare vedlikehald av renovasjonsbil
Kvalifikasjoner:
- Har klasse C sertifikat, med gyldig YSK-bevis
- Erfaring som sjåfør med tungtransport
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Sjølvstendig og påliteleg
- Grunnleggende datakunnskap er ein stor bonus
Vi tilbyr:
- Opplæring, rettleiing og kurs
- Gode pensjons- og forsikringsordningar(KLP)
- Løn etter tariffavtalen
Om oss
Sunnfjord Miljøverk IKS er renovasjonsselskapet for kommunane Sunnfjord, Askvoll, Fjaler og Hyllestad. Vi leverer renovasjonstenester til om lag 29 000 innbyggjarar og 12 500 abonnentar. Vår viktigaste oppgåve er å løyse kommunane sine utfordringar innan avfallshandtering på ein mest mogleg miljø- og kostnadseffektiv måte.
Vi har no ledig eit vikariat som renovatør i første omgang i fire månader, med moglegheit for forlenging.
Som renovatør blir du ein del av avdelinga for transport og renovasjon. Hovudoppgåva di blir å hente avfall frå hushaldningar i eigarkommunane våre og frakte det til hovudanlegget på Einestølen. Arbeidet er ein viktig del av den daglege drifta vår og bidreg til at avfallet blir handtert og utnytta på best mogleg måte.
Du blir ein del av avdelinga for transport og renovasjon, som består av sjåførar, sidemenn og leiar.
Søknadsfrist: 18.10.2026
Høyres dette interessant ut? Ta kontakt med oss!
Frode Bruland - avdelingsleiar transport og renovasjon
Telefon: 95 19 11 55