Sterk auke i sortering og mindre restavfall i 2025
Restavfallet gjekk ned 25 prosent, medan materialgjenvinninga auka frå 33 til 39 prosent i 2025. Samtidig steig mengda innsamla matavfall med nær 40 prosent.
Årsrapport 2025
SUM legg i dag fram årsrapporten for 2025, som syner tydelege effektar av nye tiltak og endringar i avfallsløysingane.
Ein ser klare resultat av tiltaka som er sett i verk. Innbyggjarane sorterer meir, og mengda restavfall går betydeleg ned.
2025 har vore eit år med store endringar og mykje aktivitet i heile organisasjonen. Det mest gledelege er å sjå at innbyggjarane responderer på tiltaka vi har innført, seier dagleg leiar Tore Dvergsdal.
Ny gebyrmodell gav rask effekt
Den største endringa i 2025 var innføringa av ny gebyrmodell for hushald og gjenvinningsstasjonar, med mål om å stimulere til betre sortering.
Tiltaket gav rask effekt: Restavfallet gjekk kraftig ned, medan både matavfall og materialgjenvinning auka betydeleg.
Høg deltaking – framleis potensial
Kundeundersøkingar syner at 97 prosent av innbyggjarane sorterer avfallet sitt. Samstundes viser analysar at det framleis er eit stort potensial for å sortere meir, særleg matavfall og emballasje.
I løpet av året har SUM styrkja tenester og tilgjengelegheit:
- flytta kundesenteret tilbake til Førde
- lansert nye nettsider
- utvikla ein ny app for abonnentane
- tekstil som eigen avfallsfraksjon
- ny ordning for glas- og metallemballasje
- ny ordning for innsamling av batteri
Byggjer for framtida
2025 vart også eit viktig år for den langsiktige utviklinga av selskapet.
Styret og representantskapen vedtok å utvide låneramma for å leggje til rette for framtidige investeringar. Dette omfattar mellom anna etablering av nytt hovudanlegg i Sunnfjord Næringspark på Moskog.
Målet er å samle verksemda i moderne fasilitetar som gir betre drift, høgare tryggleik og større moglegheiter for vidare utvikling. Ambisjonen er å flytte frå dagens hovudanlegg på Einestølen innan 2029.
Mot slutten av året vart også SUM Transport fusjonert inn i morselskapet for å sikre ei meir samla og effektiv organisering.
Vi har teke fleire viktige strategiske grep i løpet av året. Planlegginga av nytt hovudanlegg på Moskog og samlinga av verksemda gir oss eit godt grunnlag for å møte framtidige krav til avfallshandtering, miljø og ressursutnytting, seier Dvergsdal.
Stabil drift og økonomi i eit sjølvkostsystem
Årsrekneskapen for 2025 viser driftsinntekter på om lag 107 millionar kroner og eit rekneskapsmessig årsresultat på 5,2 millionar kroner.
For renovasjonsselskap som SUM må likevel resultatet sjåast i samanheng med sjølvkostregelverket. Renovasjon og slam er tenester som over tid skal vere finansierte gjennom gebyr frå abonnentane, utan varig overskot eller underskot.
Både renovasjonstenesta og slamtenesta hadde underdekning i 2025, noko som betyr at kostnadene var høgare enn inntektene i løpet av året. Desse svingingane blir handterte gjennom sjølvkostordninga.
Det er viktig å understreke at det rekneskapsmessige årsresultatet ikkje betyr at alle delar av verksemda går med overskot. Både renovasjon og slam hadde underdekning i 2025, noko som viser at gebyrinntektene ikkje fullt ut dekte kostnadene ved tenestene i løpet av året. Sjølvkostregelverket er laga for å handtere slike svingingar mellom år, seier Dvergsdal.
Dvergsdal peikar på at dei viktigaste resultata frå året er knytte til tenestekvalitet, miljøgevinstar og den langsiktige utviklinga av verksemda.
Det viktigaste for oss er at vi leverer gode tenester til innbyggjarane, har kontroll på kostnadsutviklinga og held fram arbeidet med å auke materialgjenvinninga og redusere restavfallet, seier han.
Klar for vidare utvikling
Ved inngangen til 2026 har SUM starta arbeidet med ny strategiplan for perioden 2027–2031. Målet er å byggje vidare på resultata frå 2025 og halde fram utviklinga mot ei meir berekraftig avfallshandtering.
Vi er stolte av det vi har fått til i 2025. Samtidig er vi opptekne av at dette berre er starten. Vi skal halde fram arbeidet med å utvikle gode tenester og berekraftige løysingar for eigarkommunane og innbyggjarane våre, avsluttar Dvergsdal.