Endeleg kan vi plinge i telefonen din igjen
Vi har lansert ny nettside og ein heilt ny app. Målet er å gjere kvardagen enklare for deg som kunde – og samstundes møte krava til moderne kommunikasjon og dagens lovverk.
— Nettsida vår har fått eit skikkeleg løft. Ho er meir brukarvennleg, lett å navigere i og fungerer godt både på mobil og PC, seier kommunikasjonsrådgjevar i SUM, Marie Tefre Birkeland.
Nettsida gir deg tilgang til informasjon om tømmeplanar, sortering, opningstider og betaling, og er universelt utforma i tråd med dagens krav. Men det er ikkje berre nettsida som er ny – no er også SUM-appen på plass.
— Appen er eit etterlengta tilbod for kundane våre. Her kan du få varsel før renovasjonsbilen kjem, sjekke tømmekalender og få viktige meldingar frå oss. Det gjer det enklare å ha kontroll i ein travel kvardag, seier Birkeland.
Tekniske utfordringar med adresseregistering
Lanseringa har likevel ikkje vore heilt utan utfordringar. Det ligg ein del gamle feil i dei tekniske systema som gjer det vanskeleg å knyte alle adresser opp mot dei rette renovasjonsrutene. Det betyr at nokre kundar ikkje finn adressa si i appen.
— Vi veit at dette er frustrerande. Dersom adressa di ikkje er søkbar i appen, kan du registrere den via lenka rett under. Då vil kundesenteret vårt legge den inn manuelt. Du vil ikkje få varsel når kundesenteret har lagt inn adressa, så prøv igjen etter ei lita stund, forklarar Birkeland.
Ny visuell profil
Før jul lanserte SUM også ein ny visuell profil, med ny logo og fargar inspirert av dei ulike avfallstypane. Logoen symboliserer reisa avfallet gjer – frå noko du kastar, til ein ressurs som blir sett i sirkulasjon igjen.
— Vi ønskjer å vere ein tydeleg og moderne aktør, og vi håpar at både den nye profilen, nettsida og appen bidreg til å skape ein meir positiv kundeoppleving, avsluttar Birkeland.