Hopp til hovudinnhald

Verkstad Anna Wingård

Anna Wingård frå Sverige har drevet Verkstad sidan 2014, men først i 2023 satsa ho fulltid på lidenskapen sin. Ho held til i Bygstad og tar i mot både store og små oppdrag.

Anna har budd i Noreg sidan 2007. Då blei ho tilsett som kostymeansvarleg ved Sogn og Fjordane Teater (no Teater Vestland), der ho arbeidde i 15 år før ho valde å seie opp den faste stillinga for å gå vidare i eit friare, sjølvstendig virke.

Ho har fagbrev i dameskredderi frå Sverige og i kostymesyerfaget frå Noreg. Verkstaden hennar ligg i andre etasje i eit vakkert murhus frå 1930-talet, rundt 2 km frå Bygstad. Anna har ingen faste opningstider, men tek imot kundar etter avtale.

Anna utfører eit breitt spekter av oppdrag innan saum – frå enkle endringar til målbestilte plagg. Designbutikken Marias Hus i Førde er ein viktig samarbeidspartnar. Kundane vel stoff i butikken, og Anna syr det som er ynskjeleg, til dømes gardiner, putetrekk og sofatrekk. Ho har òg hatt to oppdrag knytte til utstillingar ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum.

Ein stor del av det yrkesaktive livet hennar er knytt til teaterkostyme. Arbeidet med sceneklede har gitt ho høve til å skape mange ulike uttrykk og kledeløysingar, og har gitt ei fagleg breidde som er sjeldan innan tradisjonelt skreddararbeid. Ho har lang erfaring med tilpassing av klede, og har mange gonger sett korleis kroppshaldninga til ein skodespelar endrar seg når eit plagg er presist tilpassa kroppen – til dømes ei godt skoren dressjakke. Å sjå at menneske kjenner seg vel i eit plagg ho har laga eller tilpassa, er noko av det mest meiningsfulle ved arbeidet hennar.

I 2022–2023 produserte Anna kostyme til danseframsyninga Karhutanssi, eit samarbeid mellom frilansande koreograf Astrid Serine Hoel og Kvääniteatteri (Kventeateret) i Nord-Troms. Danse- og kostymeprøvar fann stad i Oslo, kostyma blei produserte i verkstaden hennar i Bygstad, og premieren blei framført i Harstad under Festspillene i Nord‑Norge.

Anna held også kurs innan saum og mønsterkonstruksjon. Ho har mellom anna samarbeidd med Mari Kårstad på Rytne gard, der kursdeltakarane får kombinere fagleg påfyll med opphald i historiske omgjevnader og kortreist mat frå Mitt Lille Kjøkken i Bygstad. I tillegg held ho mindre kurs i eigen verkstad, for opp til fire deltakarar, både innan saum og mønsterkonstruksjon.

Verkstad tilbyr

  • Bunad
  • Skreddarsying
  • Heimelaga gåve
  • Smykke
  • Reperasjon
  • Kurs

 

Sjå SUM på besøk i facebook videoen her.

Kontaktinformasjon

Nettsida: Verkstad

Telefon: 413 43 848

E- post: anna@annawingard.com

Adresse: Bygstadvegen 623