Hopp til hovudinnhald

Tilrettelegging av SUM

Med eit aukande forbruk er det blitt endå viktigare å sortere. Det er alt for myke som ender i restavfallet som skulle vert sortert ut og blitt gjenvunne. Vi er eit godt stykke unna 65 % målet til 2035, men med tilrettelegging av deg som forbrukar i kvardagen og tilrettelegging av oss i SUM skal det vere mogleg å nå det.

Med eigen glas- og metallemballasje dunk er det lettvint å kaste glas – og metallemballasje rett ved eigen bustad. I denne fraksjonen har EU og Noreg eit mål på 90 % utsortering til 2035. Vår plukkanalyse viser at alt for mykje ender opp i restavfallet i Sunnfjord, Askvoll, Fjaler og Hyllestad. Det er derfor spesielt viktig at vi lagar gode rutinar i heimen og at det er tilrettelagd for best mogleg utsorteringsgrad.

Gjenbruk er det beste for miljøet. Det som ikkje kan sorterast ut i dunken heime skal sorterast og leverast på gjenvinningsstasjonen. Til dømes glas og metall som ikkje er emballasje. Kanskje det framleis er bruksnytte i gjenstanden du ynskjer å kvitte deg med, då kan den leverast i byte bua på gjenvinningsstasjonen. 

Med den aukande konsumtrenden ser vi at vårreingjeringa er blitt meir ein kaste dag enn ein reingjeringsdag. Planlegg denne dagen, kva skal du byte vekk, kva skal du selje og kva kan du gje nytt liv til. Finn ut kor tid gjenbruksstasjonen er open. Eit godt lokalt tips, sjekk ut den store klesbyte dagen, kanskje dette er ei god helg å legge vårreingjeringa til. 

SUM kjem framover til å vere meir synleg og tilgjengeleg for deg som abonnent. Vi har no etablert eit kundesenter i Førde, her kan du komme innom dersom du skulle lure på noko. Vi skal vere der folket er og hjelpe deg med å legge til rette for gode, smarte og berekraftige val i kvardagen. Vi vil i større grad gje deg tips og guide deg i sosiale media som Facebook. Trykk her for å følge SUM. 

Vi på SUM jobbar for at vi i Sunnfjord, Askvoll, Hyllestad og Fjaler skal ha ein berekraftig livsstil, for dette treng vi gode partnerar. Vi vil derfor starte eit prosjekt der vi skal finne gode alternativ til deg som forbrukar lokalt. Dette kan eksempelvis vere der du kan få reparert ting i staden for å kjøpe nytt. Eller byte vekk noko som kan gje glede for andre husstandar.

Prosjektet heiter SUM Partner. Vi ynskjer å ha eit samarbeid med lokale aktørar i fylket for å rettleie abonnentar til å ta berekraftige val. Om du kjenner til eit føretak som du meina kunne vert ein god partnar for SUM ber vi deg om å ta kontakt HER.

Dette er ei verdsomfattande utfordring, som vi må ta fatt på i Sunnfjord, Askvoll, Hyllestad og Fjaler. Det du konsumera og det du gjer med avfallet ditt påverkar oss alle og levevilkåra til neste generasjon. Dette er det lettaste tiltaket vi som forbrukar kan gjere opp mot klimakrisa. For at vi skal kunne handtere klimakrisa er det avgjerande at vi legg om til eit meir berekraftig forbruk. Vi gler oss over å ha deg med på laget, og er alltid tilgjengeleg for svare på smått og stort. Det er viktig at vi er samla, og hugsar på at det er ingen som forventar at ein er ekspert innan berekraftig livsstil. Ingen spørsmål er dumme, saman skal vi sparre og hjelpe kvarandre. Dette er i stor grad ein dugnadsjobb, og vi må snakke om dette for å få alle med.