Strikkeverda
Berekraft i kvar saum. I ei tid der masseproduksjon og raske trendar pregar kvardagen, ønskjer dei i sybutikken å gå mot straumen. Her trur ein på verdien av handverk, kvalitet og gleda ved å laga noko som varer. Når du syr sjølv, vel du ikkje berre ein kreativ hobby – du tek eit aktivt val for ei meir berekraftig framtid.
Alt starta i ein kjellar i 2002, då Signe Mari Nordbotten følgde draumen om å starte si eiga profileringsverksemd. Med pågangsmot, kreativitet og ei solid dose sunnfjordsk arbeidslyst voks Fjaler Profilering etter kvart ut av kjellaren og vidare inn i Dale Senter. Der fekk verksemda òg plass til ein liten skatt det hadde vore drøymt om lenge – ei eiga garnavdeling.
Strikkegleda blei etter kvart sjølve hjartet i butikken. I 19 år heldt Strikkeverda til i Dale, men i 2025 blei det tatt eit stort og viktig steg: butikken i Dale blei avvikla for å satse fullt og heilt på ny butikk i Førde – og ikkje minst nettbutikken.
Iris Andreassen, dotter av Signe Mari og drivkrafta bak nettbutikken, har alltid hatt stor interesse for netthandel, marknadsføring og sosiale medium. Med henne bak rattet går garn og digital formidling hand i hand.
Strikkeverda gler seg til å halde fram med å inspirere – både på nett og i butikken i Førde.
Strikkeverda er meir enn berre ein butikk. Det er eit fellesskap av strikkeentusiastar som set pris på berekraft, kvalitet og kreativitet. Her blir alle inkluderte, og det blir lagt vekt på å skape eit trygt, støttande og godt miljø. Kunnskap og lidenskap for strikking blir delt med stoltheit, og dei unike, handlaga produkta er skapte med omtanke, engasjement og kjærleik. Målet er å skape ein stad der minner kan vare lenge.
Kva finn du i Strikkeverda?
Velkommen inn i ei verd full av fargar, tekstilar og skaparglede! I strikke- og sybutikken finn du alt du treng for små og store prosjekt – enten du er heilt ny i faget eller ein erfaren hobbyentusiast.
- Strikkepakkar
- Garn
- Tilbehøyr
- Strikkekleder
- Bunad
- ... og mykje meir!
Kontaktinformasjon
Mandag: 10:00 - 20:00
Tirsdag: 10:00 - 20:00
Onsdag: 10:00 - 20:00
Torsdag: 10:00 - 20:00
Fredag: 10:00 - 20:00
Lørdag: 10:00 - 17:00
Adresse: Naustdalsvegen 1A, 6800 Førde
Tlf: 57 82 17 94
E-post: bestilling@strikkeverda.no
Kontakt på: Facebook melding
Nettsida: Strikkeverda
Mandag: 10:00 - 20:00
Tirsdag: 10:00 - 20:00
Onsdag: 10:00 - 20:00
Torsdag: 10:00 - 20:00
Fredag: 10:00 - 20:00
Lørdag: 10:00 - 17:00
Adresse: Naustdalsvegen 1A, 6800 Førde
Tlf: 57 82 17 94
E-post: bestilling@strikkeverda.no
Kontakt på: Facebook melding
Nettsida: Strikkeverda